Einsemd – våg å åpne døra!
Jula er eit høgdepunkt for mange. Vi et god mat, har lang ferie og er saman med familie og vener. Sjølv om enkelte av oss stressar litt med å skrive julekort, kjøpe presangar, pynte og vaske til jul, så er det noko med desember som får oss til å smile. Vi kjøper presangar til dei vi er glade i, vi vaskar og pyntar saman med dei vi er glade i, og vi sender julekort til dei vi er glade i. Jul blir difor, kanskje ikkje overraskande, av mange forbunde med glede og samhald. Diverre er det nokon som ikkje har familie og vener rundt seg i denne tida. For dei kan opplevinga vere ei heilt anna.
Det er fleire som gruar
seg til jul. I høgtider, når omverda verkar ekstra opptatt av
familie og venefestar, kan eins egen situasjon fort verke ekstra
mørk. Ein kan føle seg ekskludert, og ein vert heile tida minna på
alt ein ikkje har. I følje ein artikkel VG publiserte i desember
2010 er einsemd i jula, ein av grunnane til at dødstala er høgast i
desember og januar. Einsemd disponerer for fleire typar sjukdomar,
både fysiske og psykiske. Det er folk over 80 år, og dei mellom
16-24 som er mest plaga av einsemd (SSB). Det er mange grunnar til at
einsemd oppstår. Det kan ha samanheng med at fleire no enn før skil
seg, noko som gjer til at kjernefamilien går i oppløysing. Det
oppstår nye familiekonstellasjonar; mange opplever å ha «mine,
dine og våre barn», der kanskje ikkje alle finn sin plass. Ungane
kjem kanskje heim berre annan kvar jul, eller er så store at dei
feirar med sin nye familie. Eldre kan oppleve å ha mista ektefella
si, og sit at aleine med sorga og saknet. Ein del psykisk sjuke eller
rusmiddelmisbrukar manglar ofte det nettverket som skal til for at
jula skal bli ei god tid.
Fleire stader i landet
blir det arrangert gratis julemiddag. I Valdres har ein Stabburshella
som held opent både julaftan og nyttårsaftan. Dette er eit
lågterskeltilbod, der alle som vil er velkomne. Stabburshella er eit
godt og hjartevarmt tilbod, kor ein får både mat, omsorg og
nettverk.
Likevel
tek ikkje slike tilbod bort det ansvaret me alle har, - til å
inkludere dei som fell utanfor.
Einsemd kan ofte vere
vanskeleg å prate om. Ein av tre opplev einsemd i løpet av livet,
likevel er det sjeldan nokon innrømmer at dei er einsame. Det er
difor viktig at vi held augene opne, og er til stades for dei som
treng det. Kan me gjere noko for at fleire skal kunne oppleve å få
ei fin jul? Kanskje veit du om ein nabo eller ein kjenning, - som sit
aleine i jula. Jula er ei tid for å vise omsorg. Ofte er det små
ting som skal til for å gjere jula til eit godt minne, for eksempel
ein julemiddag eller eit kaffi-besøk. Er det ikkje plass til ein til
rundt bordet? Valdres er ein god stad å leve på, for dei fleste,
men kanskje har vi meir å gå på i forhold til å vise hjerterom,
og våge å opne døra vår for andre?
Og
kven veit; kanskje kan det verte ein rikdom, - og ei ekstra
juleglede, å sleppe nye menneske inn i livet sitt.
God jul!
Valdresmagasinet, 05.12.15
Bilde: (https://www.rodekors.no/nyheter/nyhetsarkiv/2013/januar/en-mindre-ensom-jul/)
Bilde: (https://www.rodekors.no/nyheter/nyhetsarkiv/2013/januar/en-mindre-ensom-jul/)

Kommentarer
Legg inn en kommentar