Fest for folk flest



Norsk Rakfiskfestival er ein fest av smak, lukt og musikk! I tre dagar er gatene fylde med rundt 25000 lystige menneske. Hytteområda er fulle, kaféar manglar ledige bord, og det myldrar på kjøpesentera. Valdres har all grunn til å juble. Ikkje berre skapar Rakfiskfestivalen merksemd rundt tradisjonar og identitet i Valdres, men det blir og lagt igjen ein heil del pengar, som kjem Valdres til gode. Dette er ei helg som skal nytast!

Mellom alle desse menneska som ivrig smakar på ny mat og handlar i bodene, er det diverre også nokon som ikkje skapar like god stemning. Kvart år kan ein sjå fleire som allereie tidleg på dag, sjanglar rundt stupfulle. For mange er rakfiskfestivalen einsbetydande med alkohol, og det vert selt store mengder øl og akevitt. Det som imidlertid er litt synd, er at nokon ikkje klarar å begrense seg, og drikk langt meir enn dei burde.

Dei fleste som er unge i dag takkar heller ikkje nei til ein god fest. Derimot får dei kjeft når dei drikk seg fulle, dei får kjeft når dei kjøper alkohol til mindreårige, og dersom dei drikk før dei er fylt 18 år. Kvifor er det då slik at mange likevel vel å drikke?

Kan det vere så ufatteleg enkelt som at ein lærer av dei som er eldre enn seg? Det er foreldre som lærer oss kva som er normal folkeskikk, korleis ein skal behandle andre menneske, og kva for ord som ikkje er fine å seie. Bannar foreldre, så bannar gjerne ungane også. Er det greit for foreldre å baksnakke ein medarbeidar, eller mobbe på nett, så blir det gjerne også greit for barna deira. Dette gjeld kanskje og i høve til alkohol. Det er ikkje berre foreldre som påverkar, men og tanter, onklar, besteforeldre, og andre vaksne ein ser opp til. I tillegg til dette ser ein gjerne at ungdom påverkar kvarandre, og ein spesiell haldning blir gjerne sett på som «kul» eller «rett». I følgje forskning.no er alkohol det rusmiddelet som gjer mest skade. Narkotika blir ofte sett på som «den store stygge ulven», mens det i røynda er fleire folk som er avhengige av alkohol enn narkotiske stoff, det skjer fleire ulykker og dødsfall grunna alkohol, og dei sosiale skadane kjem oftare av alkohol enn av narkotika.


Det har difor kanskje meir å seie enn du trur å vere synleg rusa på offentleg stad på dagtid. Eg vil oppfordre alle til å ofre problemstillinga ein ekstra tanke. Kva for signal ynskjer du å sende om ditt forhold til alkohol? Uansett kva du tenkjer om saka, kan du vere sikker på at det vil vere barn og unge til stades som observerer og dannar seg nye tankar om sitt eige forhold til alkohol. Mange meiner at alkohol høyrer med i situasjonar som på Norsk Rakfiskfestival, og det er ikkje nødvendigvis eit problem. Det er lov å kose seg! Derimot går det an å drikke med måte, og uttrykkje gode haldningar til alkohol ovanfor barn og unge. Ein dag skal dei sjølve ta val, - og dei skal gje sine haldningar vidare til neste generasjon. 

God festival!

Valdresmagasinet, 31.10.15

Bilde: (http://anders.geekhouse.no/blog/beer/ringnes-festival.wikieditish)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Mobbing krev handling!

#kvardagslykke