Videregåande status
Du sitt i gymsalen og ventar på å bli ropt opp. Det er fyrste skuledag på vidaregåande skule. Du veit lite om kva som ventar deg. Ikkje kjennar du dei andre i klassa di, ikkje veit du kor du skal gå eller når du skal gå dit, og ikkje minst blir du plutseleg del av eit nytt skulesamfunn med nye normer og reglar. Her blir eit breitt utval av yrkesgrupper representert, både praktiske og teoretiske. Ein skulle tru at alle fyrsteklassingar stillar likt, og må finne sin nye plass i skulesamfunnet, men gjer dei eigentleg det? Speler det nokon rolle om du veljar å gå elektrofag og vidare på høg elektrisitet, helse og oppvekstfag og vidare ambulanse-sjåfør, eller studiespesialisering med realfag?
Svaret er dessverre ja,
det betyr overraskande mykje for korleis andre ser på deg. Yrkesfaga
slit med å få nok søkarar, til tross for at ein berre treng to år
med teoretiske fag og at ein ofte er garantert jobb. Yrkesfaga har i
følje fyrstelektor ved HiOA, Halvor Spetalen, fått eit «B-stempel».
Ein får rett og slett lågare status av å velje yrkesfag. Det er
ikkje berre elevane som gjer at det er slik, foreldre og rådgivarar
med liten kunnskap om yrkesfag er og med på å styrke
status-forholdet mellom praktisk og teoretisk arbeid. Foreldre
ynskjer så klart det beste for sine barn, men det er ein realitet at
det å kunne seie at «barnet mitt er advokat» gir meir status enn å
seie at «barnet mitt er snikkar».
Så kva er grunnen til at
yrkesfaga blir sett ned på? I følje forskning.no droppar 54 prosent
av gutane og 39 prosent av jentene på yrkesfag ut av vidaregåande.
Dei greier heller ikkje å fullføre vidaregåande på dei fem åra
dei har rett til. Høg utdanning som strekker seg over fleire år
blir sett på som meir krevjande enn å ta fagbrev og gå rett i
jobb, sjølv om det i verkelegheite ikkje nødvendigvis opplevast
slik verken for høgskulestudenten eller bilmekanikaren. Eit anna
problem er at for mange søkar seg inn på studiespesialisering,
dette på grunn av usikkerheit og mange moglegheiter. Moglegheitene
kan fort bli for mange, og i tredje klasse er det fortsatt fleire som
er usikre på kva dei vil vidare. Valdres vidaregåande skule er
ikkje eit unntak. Også her merkar ein statusforholdet mellom
praktiske og teoretiske linjer, både hos elvar og foreldre.
Sanninga er at vi er like
avhengige av praktiske yrker som teoretiske. Alle kan ikkje bli
legar, lærarar og skodespelarar. Vi treng ein god miks av
fagarbeidarar og teoretikarar. Så skal du søke deg inn på
vidaregåande, velj det du interesserer deg for, ikkje det som gir
deg best status eller flest moglegheiter.
Valdresmagasinet, 12.09.15
Bilde: (http://www.vg.no/nyheter/innenriks/skole-og-utdanning/svake-elever-soeker-seg-til-yrkesfagene/a/10085366/)
Bilde: (http://www.vg.no/nyheter/innenriks/skole-og-utdanning/svake-elever-soeker-seg-til-yrkesfagene/a/10085366/)

Kommentarer
Legg inn en kommentar