#kvardagslykke


Veit du at lykkelige menneske lever i gjennomsnitt 10 år lengre enn ulykkelege? (nrk.no)
Men kva er lykke? Korleis veit ein at ein er tilstrekkelig lykkelig? Er du lykkelig?

Mange set lykke på toppen av lista over mål i livet, og ein skulle tru at å oppnå lykke var ei enkel sak for oss i Noreg, - vi som bur i landet som er kåra til verdas beste land å bu i 12 år på rad. (HDI) Likevel slit fleire enn nokon gong før med psykiske problem, fleire går på antidepressiva og til psykolog. I følje ei undersøking publisert i VG, gir kvar tredje av oss terningkast fire eller lågare når vi skal vurdere lykkekjensla vår. Det er mykje som hindrar oss frå å nyte lykkekjensla; det kan vere at ein stressar på jobb eller skule, er misnøgd med karakterar eller utsjånad, at ein har lite pengar eller eit kaotisk familieliv.

Ein ser fleire fellestrekk ved lykkelege menneske; dei har gode relasjonar som dei bruker tid og energi på, dei har livsmål, god sjølvkjensle, dei mimrar tilbake på gode minner, dei har gode meistringsstrategiar for ulike utfordringar, dei opplever meining og kontroll i eiget liv, dei nyt kvardagsaugeblink, dei har fokus på kva som er godt, ikkje kva som er best, dei er positive og greier å oversjå bagatellar, dei er fysisk aktive og søv nok, og dei er interesserte i å lære nye ting. (psykologisk.no) Nokon har desse eigenskapane medfødd, mens andre må trene seg opp. For lykke kan faktisk lærast!

Materielle ting og ytre faktorar gjev oss berre lykke til eit visst punkt. Ein blir altså ikkje lykkeleg av å vere like rik og vakker som kjendisane på Instagram, og heller ikkje av å få mange «likerklikk» på bildet etter ein treningstur. Ein bonde frå Valdres kan vere lykkelegare enn ein eigedomsmeklarar i New York.

Dei gongane eg har sett lykkelege menneske, så er det svært enkle hendingar som er årsaka. Dei som driv med noko dei brenn for, sport, teater, musikk eller friluftsliv, synest å vere lykkeligare enn dei som berre gjer det dei må, eller det dei trur andre forventar. Forelsking og kjærleik er unike kjelder til lykke. Sjeldan ser eg så lykkelege menneske enn dei som har funne seg sin utkåra, eller dei som brukar mykje tid saman med personar dei er glade i. Sjølv gler eg meg kvar dag til å komme heim og drikke ein god kopp kaffi. Ein varm slurk kvardagslykke.

Mange av oss har altfor høge forventningar. Om ein prøver å senke krava litt, og jobbar med å bli meir glad i seg sjølv, vert ein og lettare glad i andre, og glad i livet. Lykke er ei viktig del av livet, men ingen er lykkelege heile tida. Det er summen av gode kvardagsaugeblink som til saman vert eit godt liv.

Lykke handlar om engasjement, nysgjerrighet og det å bli oppslukt i det du gjer. Det er berre du sjølv som kan definere kva lykke er for deg!


Lykke til!

Valdresmagasinet, 12.03.16
Bilde:(http://www.rig.no/layout/set/print/aktuelt/visste-du-at-du-kan-bli-lykkeligere-av-aa-tenke-miljoe)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Mobbing krev handling!