Identitet frå bygd til by
I
august flytta eg til Oslo og begynte på Universitetet. Det kjem ei
tid for alle, der ein må forlate den trygge, gode heimen, og dra ut
i verda på eiga hand. Kor langt ein ynskjer å dra er opp til kvar
enkelt, men ein god del endar opp i byar, der jobb- og
utdanningsmoglegheitene er fleire. Frå frisk fjelluft, ein halvfull
skulebuss og langt til næraste nabo, møter ein i byen stor trafikk
av både kjøretøy og menneske, mange lydar, lukter og inntrykk,
fulle bussar, T-baner og tog, og ikkje minst heilt andre sosiale
normer og reglar. Korleis kan ein behalde identiteten sin i eit så
stort og overveldande miljø?
Kven er
du? Det er utruleg viktig å tenkje nøye gjennom kven ein er, og
kven ein ynskjer å bli oppfatta som når ein kjem til ein ny plass.
Det er så lett å forsvinne i mengda. Når ein ikkje kjenner ei
levande sjel, kan jobben som ligg framfor deg virke enorm. Det kan
freiste meir å trekke seg tilbake, enn å vise verda kven du er.
Sjølv om det er behageleg å berre flyte med straumen, og møte opp
der du må, når du må, krev det litt innsats å skape det livet du
ynskjer deg. For livet ditt er berre ditt no! Ingen tar val for deg
meir. Foreiningar og aktivitetar er gull verdt i situasjonar som
desse. Her finst gjerne personar med like interesser som deg, med eit
mål om å bli kjend med andre. Det viktigaste er likevel å vere
fornøgd sjølv, og korleis ein oppnår dette, vil variere frå
person til person.
Eit
nytt miljø er ikkje berre nye utfordringar, tilvenningar og arbeid,
det er og ei unik moglegheit til å bli den du vil vere. Ein ny
start. Ein får ei moglegheit til å skape sitt eige liv, eit større
nettverk, og ein ny identitet. Det er denne tida som vert omtala som
den beste i livet. Tida du finn deg sjølv. Samtidig er det viktig å
hugse på at kvar og ein av oss har med seg erfaringar, verdiar og
tankar som gjer oss unike. Er du oppvaksen i Valdres, så vil Valdres
alltid vere ein del av deg. Ikkje forkast det som gjer deg til den du
er.
Det er
skummelt, klart det er. Det er ikkje unormalt å føle seg annleis og
framand av og til. Heldigvis, til trøyst, opplever dei fleste det på
denne måten. Ein må kome i gong, men så ordnar det seg etter
kvart. Knotar ein når ein snakkar dialekt, vil det bli lettare og
meir naturleg etter kvart. Dialekt er ein kjempeviktig del av
identiteten, så det er viktig å ikkje gje slepp på denne! Om ein
leitar litt vil ein finne folk med like interesserer som seg sjølv.
Ein får nye rutinar, og interesser. Ein finn ut kven ein vil vere.
Sjølv
om frasa kanskje er litt oppbrukt, så er faktisk i dag byrjinga på
resten av ditt liv. Det er spennande å ha så mange mogelegheiter og
opplevingar framfor seg. Eg skal i alle fall bruke åra mine på
Universitetet godt!
Pubelisert i Valdresmagasinet 24.09.16
Bilde: Andrea B. Grøneng
Bilde: Andrea B. Grøneng

Kommentarer
Legg inn en kommentar