Blanke auge på julaftan
I fjor
fekk eg ei gåve som fekk meg til å smile frå øyre til øyre, og
som gjorde auga mine blanke. Gåva bestod av åtte små gåvekort med
aktivitetar som eg og mi beste venninne kunne gjere saman. Eg kunne
ikkje ønska meg noko betre!
I
følgje Aftenposten vil kvar enkelt person i snitt bruke 5622 kroner
på julegåver i år. Slår vi dette beløpet saman med resten av
julebudsjettet, som julemat og pynt, kjem vi opp i ein sum på
svimlande 10 700 kroner. Det er mykje pengar. Samstundes sit vi der
på julaftan i ein haug av klede, og fullt av duppedingsar og ting vi
kanskje ikkje treng.
Nordmenn
blir litt ekstra generøse når jula kjem. Vi brukar faktisk dobbelt
så mykje pengar på julegåver som svenskane gjer. Nordmenn har god
økonomi, og når det då attpåtil kjem lokkande tilbod som «Black
Friday» endar vi kanskje opp med å kjøpe ei dyr klokke eller ein
genser, berre fordi det var 30% rabatt på det. Vi lever i eit
forbrukarsamfunn. Vi får ting og klede både til jul og bursdag, og
i tillegg kjøper vi ein heil del sjølv. Går noko sundt er det
lettare å kaste det og kjøpe nytt, enn det er å reparere det.
Eg trur
ikkje vi er så kravstore som vi kanskje framstår. Lommeboka treng
ikkje svi etter julehandelen. Klesskapet treng ikkje flyte over av
jakker og sko du ikkje brukar. Alternative julegåver gler minst like
mykje som materielle, om ikkje meir. Ei gåve treng ikkje vere kjøpt
for fleire hundre kroner for å vere fin. Ein treng ikkje kjøpe ting
ein ikkje trur vert brukt, berre fordi ein ikkje kjem på noko betre!
Aktivitetar
og opplevingar er flotte julegåver til familie, vener og kjende, og
noko eg vil anbefale varmt. Heimelaga gåvekort, eller aktivitetskort
kan du fylle med nesten kva som helst. Berre ta utgangspunkt i kva
personen likar, eller kva som hadde vore hyggeleg å gjere saman.
Kanskje kino, konsert eller teater? Var du kjapp klarte du kanskje å
skaffe billettar til Vinjerock, eller du kan invitere med nokon på
Trollrock? Det arrangerast kurs i til dømes smiing, lafting og
måling på Valdresmuseea, og det finnes skikurs, golfkurs og
dansekurs.
Kva med
å lage noko sjølv? Strikke sokkar, vottar eller ein genser? Sjølv
malar eg ein del. Er du ikkje så glad i å male er kanskje fotoalbum
tingen? Gåver som kan etast opp er óg fine! Kanskje kan du lage
julekaker, karamellar eller brente mandlar. Kanskje fell eit gåvekort
på brød frå Bakeriet i Bagn i smak? Eller kva med ei teneste?
Svært få ville blitt lei seg for eit gåvekort på kjøkkenvask,
barnepass eller snømåking. Du kan óg gje ei symbolsk gåve der
pengane går til nokon som faktisk treng det, nødhjelp, skulegang
eller ei geit til ein familie i Afrika. Det finst mange moglegheiter.
I fjor
fekk venninna mi, som er veldig glad i sjokolade, - eit gåvekort på
sjokoladesmaking! Slike gåver gir ikkje glede berre på julaftan,
men og etterpå, når vi får enno fleire gode minner saman. Og det
er vel det vi alle ynskjer; å gi ei gåve som treff rett i hjartet
til den vi er glad i, som viser at vi har lagt energi og krefter i å
finne ut kva som kan glede ei venninne, søster, far eller kjæraste.
God jul!
Publisert i Valdresmagasinet 10.12.16

Kommentarer
Legg inn en kommentar