Super - lærar
Av
og til undrar eg meg over om lærerar eigentleg skjønar kor stor
betyding dei har i livet til barn og ungdom. Jo da, dei skjønar nok
at dei er viktige, men skjønar dei kor utruleg
viktige dei er? At dei faktisk kan påverke verdiar og haldningar, få
born til å utvikle seg til gode samfunnsborgerar, påverke
yrkesval,- eller dei kan motsett; medverke til at born mistar håp,
glød og engasjement, at born ikkje trives eller kjenner på
meistring.
Eg har
hatt fleire fantastisk dyktige lærarar på vegen min, eg vart sett
og høyrt, eg fekk passe med utfordringar, og eg opplevde meistring.
Takk til kvar og ein av dykk! De har inspirert meg frå barneskulen
til vidaregåande skule, og no på Universitetet. Samfunnsfag, kunst,
sosiologi og engelsk, - eg har gleda meg til neste kapittel frå eg
gjekk i fyrste klasse. Lærarane eg har hatt, og far min, som òg er
lærar, har inspirert meg til nettopp å byrje på ei lærarutdanning.
Diverre
er det ikkje alle som kan fortelje om inspirerande lærarar og gode
klassemiljø. Ein ting er å ikkje like skulen. Kanskje synst nokon
det vert for mykje teori, fag dei ikkje bryr seg om, eller lekser som
følast unødvendige. Ein annan ting er å grue seg til skulen, fordi
ein vert mobba, fordi ein ikkje forstår faga, eller fordi skulen
verkar uviktig i forhold til andre hendingar og situasjonar i livet.
Slike hinder for læring må takast alvorleg. Klart bryr du deg lite
om algebra dersom du har nyskilde foreldre. Verb vert uviktig når du
ikkje har vener, eller du veit at mobberane kjem etter deg i
friminuttet. Engelsk vert ekstra vanskeleg når du ikkje torer å
spørje om det same for fjerde gong, fordi du veit at dei andre
elevane, eller til og med læraren, ler og ser dumt på deg.
Dersom
ein lærar vel å oversjå problem som desse, eller er ein del av
problemet sjølv, kan det få store konsekvensar for eleven. Det kan
gjere det vanskelig å fullføre skulegangen, føre til dårleg
sjølvkjensle og forsterke både psykiske og fysiske plager. Uansett
om lærar og elev ikkje kjem så godt overeins, om eleven slit med
konsentrasjon, eller om eleven konsekvent lagar bråk, så er det
læraren si oppgåve å handtere dette. Det er alltid ein grunn til
at det er slik. Det er heilt uakseptabelt å behandle elevar dårlig
uansett kva grunn ein lærar måtte ha, og det er heller absolutt
ikkje greit å oversjå noko som ein som lærar er pliktig å ta tak
i.
Dei
fleste lærarar gjer så godt dei kan, og nokon enno litt til. Det er
mange dyktige lærarar der ute, men mellom dei finst det òg
dessverre nokre rotne egg. Nokon burde rett og slett ta hatten sin og
gå. Å jobbe med menneske er krevjande, og ikkje for alle.
Det er
viktig at lærarar får anerkjenning for den gode innsatsen dei gjer,
men det er òg viktig at elevar, foreldre eller andre lærarar torer
å seie i frå når dei meiner at noko kan eller bør gjerast
annleis. Det kan redde mange, både gjennom skulegangen og vidare i
vaksenlivet.
Eg gler
meg til eg er ferdigutdanna lærar, samtidig er eg spent på korleis
eg kjem til å takle alt det som kjem på sida av sjølve faget, men
som òg høyrer med til jobben. Det er langt fram i tid, og eg skal
gjennom fleire år med pedagogikk, praksis og fag før eg er der.
Til
så lenge; takk til alle dyktige og inspirerande lærarar der ute! De
gjer ein supermanns-jobb
Publisert i Valdresmagasinet 10.02.17

Kommentarer
Legg inn en kommentar