Sjå meg!


Som barn var mange av oss svoltne på merksemd. Vi ville dele verda vår med dei vaksne. Dette er berre sjarmerande fram til ein viss alder, og så ven vi oss av med det. Eller, vi pleidde å gjere det. Dei seinare åra verkar det som om denne hungeren berre har skifta form. Frå skriking og napping i armen på ein genser, til selfiar og lange monologar om oss sjølve. Vi vil bli lagt merke til, og vi vil verte snakka om. Kva er det som gjer at vi er så opptekne av at folk skal legge merke til oss?

Somme skuldar på sosiale media. Ofte vert vi paradoksalt nok mindre sosiale av sosiale media. Vi styrer fokuset inn mot oss sjølve. På Facebook reklamerer vi nærast for oss sjølve, på Instagram legg vi ut urealistisk idylliske bilete, og bloggane flyt over av historier om dei psykiske problema våre. Her får ein ros og skryt for at ein er modig, vakker, spennande eller inspirerande. Men vi nemner ikkje dette utanfor nettverda. Framstillinga av oss sjølve går begge vegar, dei som har nådd botn, og dei som har eit perfekt liv. Vi deler kva vi et til frukost, kva vi har på oss, når vi trenar, og når vi har de vanskeleg.

Psykolog Hedvig Montgomery på NRK-serien «Innafor» snakkar om viktigheita av å ha tid til seg sjølv. Måten å vere på, dei inste tankane våre og tinga vi gjer når ingen andre er til stades, er avgjerande for å kunne slappe av. Ved å dele dei inste kjenslene og tankane våre, kan vi miste denne evna, og det vert vanskelegare å sleppe ned det «skjoldet» vi av og til treng for å beskytte oss sjølv, i dei ulike rollane vi har.

Alle veit at ungdomstida kan vere tøff, og at det er vanleg å oppleve vanskelege periodar i livet.
Kva skjer når vi deler av vårt inste samstundes som vi står midt i dei vanskelege periodane? Korleis har det innverknad på livet seinare? Og kva rett har ein til å dra andre relasjonar inn i det ein deler; kjærast, mann, eksmann eller barn? Fleire fortel at dei angrar på at dei delte dei inste kjenslene sine. Har du fyrst delt historia har du gitt bort ein del av privatlivet du aldri kan få tilbake. Er behovet vårt for merksemd større enn behovet for privatliv?

Nokon meiner at samfunnsutviklinga og ustabile familie-konstellasjonar kan spele ei rolle. Skilsmissestatistikken er svært høg, mange bur aleine, og dei kjenslemessige påkjenning både for barn, unge og vaksne, er store. Relasjonar til andre menneske er noko av det viktigaste vi har. Å leite etter måtar å få merksemd på er ofte ein måte å få ut kjensler på. Som bråkete elevar som gjer ugagn berre for å verte sett av ein vaksen. Kjenslene våre må ut.


 Å dele kjensler er ein god ting, om det er gjennomtenkt, - både kva ein deler og med kven. Det er fleire sterke og modige menneske som har delt si historie, og vore til stor hjelp for andre som slit med det same. Samtidig er det viktig å verne om dei nære relasjonane. I mange tilfelle kan ein god ven erstatte den merksemda vi hungrar etter på sosiale media, og hjelpe oss å takle dei vanskelege kjenslene. Alle treng nokon å kunne snakke med, om gode og vonde kjensler, andlet til andlet. Far, syster, bestemor eller ein ven. Ta vare på deg sjølv! Og som Per Fugelli seier; «pass på flokken din».

Publisert i Valdresmagasinet 01.04.17

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Mobbing krev handling!

#kvardagslykke