Vrang og vridd psyke


Samfunnet har dei siste åra fått mykje kritikk for å ikkje ta opp tabubelagde tema som depresjon, angst og sjølvmord. Talet på, spesielt unge, menneske som slit psykisk har vore aukande i fleire år. Barne- ungdoms- og familiedirektoratet kan fortelje at så mange som ein av tre 16-åringar ein gong i livet har hatt symptom som oppfyller kriteria for psykiatriske diagnosar. Og det er ingen grunn til å tru at dette er annleis i Valdres enn andre stader i landet. Det vert i følgje Folkehelseinstituttet registrert mellom 500 og 600 sjølvmord kvart år i Noreg. Ein antek at det er rundt ti gonger så mange forsøk. Dette er viktige tema vi må vere modige nok til å prate om på ein god måte.

Dei seinaste åra har det vorte meir snakk om psykiske lidingar og sjølvmord. Fleire stader, både i Lillehammer og Oslo, er det halde markeringar for offer og pårørande for sjølvmord. Verdsdagen for psykisk helse vert kvart år tydelig markert på skular i heile Noreg. Mange menneske vel å fortelje om psykiske lidingar og vonde kjensler, via TV, aviser eller sosiale media. NRK har sendt «Stemmene i hodet» og «Jeg mot meg» som har fått gode kritikkar. Men så fins det motsett. Sjølv vart eg ganske opprørt då eg las «13 Reasons Why», som er ei ungdomsbok som omhandlar 13 «gode» grunnar for sjølvmord. Boka har no òg vorte til ein serie på Netflix, og dermed enda meir tilgjengeleg. Fagfolk har kome med sterk kritikk mot serien som mange meiner glorifiserer sjølvmord.

Nokon gonger lurer eg på om dei ulike media skjønar kor mykje ansvar dei har. Eg tenkjer ikkje berre på dei sosiale media, og enkeltpersonane bak, men òg på massemedia som seriar, filmar, musikk, bøker og aviser. For det handlar ikkje berre om å prate om desse tinga, men òg korleis vi pratar om dei. Media og daglegtale uroar meg spesielt. For vi er omgitt av det eg vil kalle vrange skildringar av psykiske lidingar. Det påverkar oss alle, men kanskje spesielt ungdom. Vi ser seriar om reality-stjerner som seier dei har angst berre dei ikkje finn noko å ha på seg, vi les bøker der sjølvmord vert glorifisert og argumentert for, og vi høyrer på musikk som fortel oss kor deprimerande livet er. Det er òg slik at mange av oss, som reality-stjernene, brukar omgrep som «angst», «sinnsjuk» og «deprimert» utan å tenkje over kva dei faktisk betyr. Eg trur at mange som har det vondt, leitar etter ting som kan bekrefte, eller til og med styrke, kjensla dei sit med. Ofte bagatelliserer vi innhaldet, eller tileignar orda meining dei ikkje har, noko som kan gjere det vanskeleg for dei som er reelt sjuke.

Sjølvsagt må vi snakke om depresjon, angst og psykiske lidingar, men vi skal ikkje misbruke omgrepa. Ein skal ikkje glorifisere psykiske lidingar og sjølvmord, som enkelte media gjer. Haldningane vi presenterer, sjølv om det skulle vere fiksjon eller underhaldning, smittar av på samfunnet og på enkeltmenneske. Grensene for kva som er «innafor» vert strekt. Grenser vi treng. Ungdom er under utvikling, og vert i stor grad påverka av media og sine medmenneske. Det er farleg å fyre opp under dårleg sjølvbilete, ulmande depresjonar og tankar om sjølvmord, sjølv når det vert gjort ubevisst. Ungdomstida er vanskeleg nok som den er.


Vi er ikkje deprimerte om vi har ein dårleg dag, og vi har ikkje angst om vi er stressa før eit jobbintervju. Det er heilt normalt! Det er å vere menneske!

Publisert i Valdresmagasinet 23.09.17

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Mobbing krev handling!

#kvardagslykke