Støy på landet
Vi tek
inn enorme mengder informasjon og inntrykk i løpet av ein dag. På
bussen, på jobb og skule, på trening, ja til og med på ferie. Vi
lever i eit samfunn med mykje støy. Nesten heile tida er det noko
som krev merksemda vår. Vi gøymer oss bak skjermar, roller og
oppgåver. Kanskje gjer vi det med vilje? For der det ikkje er støy,
der kjem stillheita og tankane våre.
Tenk
deg ein vanleg dag, der du er på skule eller jobb, med høg
intensitet heile dagen. Etterpå er det kanskje trening, shopping
eller kaffe-bar med venner, alltid med bakgrunnsmusikk! Heime med
familien kan det og vere full fart med ulike aktivitetar. Ein heilt
vanleg dag er svært kompleks og inneheld ofte ein eller anna form
for støy. Også tida ein brukar saman med andre har endra seg. Det å
klare å vere til stades med vener og familie over tid, utan å
konstant sjekke mobil og sosiale medie, kan vere utfordrande for
mange.
Støy
treng ikkje nødvendigvis å vere lyd, det kan vere noko anna som
krev merksemd og krefter på ein negativ måte. Bruken av mobil og
data berre aukar. Alt skal dokumenterast, delast og vere med på å
skape bildet du vil at andre skal ha av deg.
Skjermane
er gode å gøyme seg bak i ukomfortable situasjonar. Vi byter
roller fleire gonger om dagen, og
det kjem stadig nye forventningar til oss. Dette er krevjande. Av og
til kan det verte mykje, - og vi kan trenge ei pause.
Mor mi
har alltid snakka om viktigheita av «grøne lommer», at alle treng
tid til seg sjølv og tankane sine. Å sleppe å vere i ei rolle,
berre vere seg sjølv for seg sjølv. På engelsk vert dette gjerne
kalla «me time». Denne tida lyt ein gjere plass til sjølv, og i
samfunnet vi lev i er det kanskje viktigare enn nokon gong. «Grøne
lommer» kan ha fleire positive verknader. Blant anna er det forska
på at ein ved å ta vare på seg sjølv, vert lykkelegare, betre til
å vise omsorg for andre, og at ein søv betre.
Valdres
er ein stor turist - og hytteregion. Valdres er gode på kultur,
musikk og mattradisjonar, men kva med dette stadige kravet til
«aktivitet» og at det stadig må «skje noko»? Er det ikkje
nettopp fin natur, stillheit, ro og harmoni i fjellet folk vil ha, og
som gjer Valdres så attraktivt? Folk i by`n går på meditasjon,
mindfulness-kurs, yoga og jaktar på alternativ til kø, mas og støy.
Det er fint at Fagernes har vorte by, og at det skjer utbygging på
Beitostølen, Vaset og på Aurdalsåsen, men det er samtidig uhyre
viktig å halde på det som er særeige for Valdres.
Vi lyt
ta vare på stillheita og naturen vår. Ikkje minst må kvar og ein
av oss ta vare på seg sjølv. Kor ofte har du det heilt stille og
roleg rundt deg? Kor finn du dine «grøne lommer»? Vi må ikkje
forsvinne i støy og roller. Bruk stillheita til å vere tilstades i
ditt eige liv, sortere tankane dine og til å finne den ekte deg.
Publisert i Valdresmagasinet 26.10.17

Kommentarer
Legg inn en kommentar