Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2017

Spent student

Bilde
Det har gått eit skuleår sidan eg flytta frå fredlege Valdres til kaotiske Oslo. Som ein liten ubetydeleg prikk stod eg der , som ein av over 27 000 studentar på Universitetet i Oslo, og lurte på kvar eg skulle byrje. Nye menneske, ny stad, nye rutinar. Det heile verka overveldande. Likevel var det jo spennande. Det å vere ferdig med vidaregåande og få byrje på eit nytt kapittel i livet, gav meg pågangsmot. Eg fekk ein ny sjanse til å vise kven eg var. Nordisk og engelsk. Noko så artig! Eg har hatt eit av dei beste åra i mitt 20 år lange liv. Eg har gledd meg til førelesningar og skulebesøk, til å møte medstudentar og til pensumlesing. No har eg alltid vore glad i fag, så det var inga stor overrasking at eg var nøgd med faga. Forelesarane brenn for det dei driv med, og det er givande å møte opp til forelesing. Det som har vore den største oppturen er at eg har fått mange nye vener. Det var ikkje lett for ei blyg og stille valdresjente å verte lagt merke til i mylderet av s