Innlegg

Viser innlegg fra 2019

Eg trur på deg

Bilde
Det er mykje og mange som har vore med på å gjere meg til den personen eg har vorte; så glad i å lese og skrive, og så glad i kunst og kultur. Alt frå den fantastiske kunstlæraren eg hadde på kulturskulen, - det å få vere med på UKM, - få vere med i musikal-oppsetjingane til Ung i Valdres, - til jobben min på bokhandelen i Fagernes, og i Avisa Valdres. Det at eg har vore så heldig å få skrive for Valdresmagasinet starta med at ein lærar oppfordra meg til å delta i avisa Valdres og Nord-Aurdal Mållag sin kronikkonkurranse. På alle desse stadene i livet har det vore vaksne eller ungdom som har gjeve meg ansvar, har stolt på meg, og trudd på meg.  Ofte vil vi menneske ha ting på vår eigen måte. Det kan vere vanskeleg å sleppe andre til, eller det kjenst tryggare å gjere det «slik som det har vorte gjort i alle år». Dei som har gjort det før, veit korleis det skal gjerast skikkeleg. Det er ikkje alltid så lett å vere ung, og kome med nye idèar og innspel. For å få erfaring skal du

Våge

Bilde
Kor ofte ler du så godt at du ikkje greier å stoppe? Slik at du hikstar etter pusten. Slik at du har latterkrampe så du vrir deg. Slik at du kjenner lukka risle gjennom kroppen.  Truleg ikkje ofte nok. Vaksenlivet kan fort verke keisamt, fullt av plikter, ansvar, stress og profesjonalitet. Skiljet mellom jobb og fritid har for mange vorte meir utydeleg. Mange er tilgjengelege på telefon og e-post heile døgnet. Det forventast at ein skal klare å vere både fagleg dyktig, ein god partner, omsorgsfull forelder og ein god ven. For meg som er i overgangen til å verte vaksen, kjenner eg på at vaksenlivet ofte ser ut til å innehalde mykje alvor, og at det er mindre rom for kreativitet, humor og leik. Vi er veldig opptekne av korleis andre oppfattar oss. Alt må vere på stell både i arbeidslivet og privatlivet, eller det skal i alle fall sjå slik ut. Sjølv om ein del av oss kanskje har lyst til å tulle og le når livet vert litt grått og keisamt, trur eg at mange har ei slags sperre i

Smil på jobb

Bilde
Fem dagar i veka, åtte timar om dagen. Kanskje overtid og helgevakter. Tida vi brukar på jobb utgjer mange år i løpet av eit liv. Jobben er ein stor del av liva våre både fordi den tek opp mykje tid, men òg fordi den har verknad på identiteten vår og korleis vi har det ellers i livet. Når vi møter nye menneske er ofte noko av det fyrste dei spør om, kva ein jobbar med. Vi vert fort assosiert med yrket vårt. Yrket er ein del av den vi er, og ofte noko vi er stolte av.  Vi er alle ulike. Nokon gler seg til å gå på jobb kvar einaste dag, medan andre jobbar mest fordi dei må. Dei fleste, kanskje ein kombinasjon. Sjølv om det inni mellom kan vere tunge dagar, der vi helst skulle hatt nokre timar ekstra under dyna, så er vi, når alt kjem til alt, veldig heldige som kan jobbe. Det er godt å tene eigne pengar, å gjere ein jobb som trengs, og å høyre til på ein arbeidsplass. Det å ha nokon som ser ein, som forventar at du møter opp, og som sett pris på jobben du gjer, trur eg er viktig