Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2016

Mobbing krev handling!

Bilde
I Noreg vert om lag 32.000 skuleelevar utsett for verbal, sosial, materiell, fysisk, psykisk, eller digital mobbing til ei kvar tid (Kunnskapsdepartementet). Den 13 år gamle jenta som vart funnen død i ei hytte på Beitostølen nyttårsaftan er eit eksempel på korleis det kan gå om vi ikkje tek tak i mobbing, og ho er kun eit av mange eksempel. Utestenging, uthenging, utskjelling, audmjuking, latterliggjering, truslar og baksnakking, lista er lang. Det konstante presset om å vere perfekt både av utsjåande og på sosiale media, gjer situasjonen enda verre. Kvar minste ting som skil deg frå mengda kan brukast mot deg. Høyrer ein same utsegn mange nok gonger byrjar ein å tru på det sjølv. Ein byrjar å ville endre på det som er feil, eller berre gøyme seg så godt at ingen legg merke til det. I 2002 lanserte tidligare statsminister Bondevik (KrF) eit manifest som skulle avskaffe mobbing i løpet av to år ved hjelp av nulltoleranse. 14 år seinare ser vi diverre at mobbing fortsatt

Einsemd – våg å åpne døra!

Bilde
Jula er eit høgdepunkt for mange. Vi et god mat, har lang ferie og er saman med familie og vener. Sjølv om enkelte av oss stressar litt med å skrive julekort, kjøpe presangar, pynte og vaske til jul, så er det noko med desember som får oss til å smile. Vi kjøper presangar til dei vi er glade i, vi vaskar og pyntar saman med dei vi er glade i, og vi sender julekort til dei vi er glade i. Jul blir difor, kanskje ikkje overraskande, av mange forbunde med glede og samhald. Diverre er det nokon som ikkje har familie og vener rundt seg i denne tida. For dei kan opplevinga vere ei heilt anna. Det er fleire som gruar seg til jul. I høgtider, når omverda verkar ekstra opptatt av familie og venefestar, kan eins egen situasjon fort verke ekstra mørk. Ein kan føle seg ekskludert, og ein vert heile tida minna på alt ein ikkje har. I følje ein artikkel VG publiserte i desember 2010 er einsemd i jula, ein av grunnane til at dødstala er høgast i desember og januar. Einsemd disponerer for flei

Fest for folk flest

Bilde
Norsk Rakfiskfestival er ein fest av smak, lukt og musikk! I tre dagar er gatene fylde med rundt 25000 lystige menneske. Hytteområda er fulle, kaféar manglar ledige bord, og det myldrar på kjøpesentera. Valdres har all grunn til å juble. Ikkje berre skapar Rakfiskfestivalen merksemd rundt tradisjonar og identitet i Valdres, men det blir og lagt igjen ein heil del pengar, som kjem Valdres til gode. Dette er ei helg som skal nytast! Mellom alle desse menneska som ivrig smakar på ny mat og handlar i bodene, er det diverre også nokon som ikkje skapar like god stemning. Kvart år kan ein sjå fleire som allereie tidleg på dag, sjanglar rundt stupfulle. For mange er rakfiskfestivalen einsbetydande med alkohol, og det vert selt store mengder øl og akevitt. Det som imidlertid er litt synd, er at nokon ikkje klarar å begrense seg, og drikk langt meir enn dei burde. Dei fleste som er unge i dag takkar heller ikkje nei til ein god fest. Derimot får dei kjeft når dei drikk seg fulle,

Videregåande status

Bilde
Du sitt i gymsalen og ventar på å bli ropt opp. Det er fyrste skuledag på vidaregåande skule. Du veit lite om kva som ventar deg. Ikkje kjennar du dei andre i klassa di, ikkje veit du kor du skal gå eller når du skal gå dit, og ikkje minst blir du plutseleg del av eit nytt skulesamfunn med nye normer og reglar. Her blir eit breitt utval av yrkesgrupper representert, både praktiske og teoretiske. Ein skulle tru at alle fyrsteklassingar stillar likt, og må finne sin nye plass i skulesamfunnet, men gjer dei eigentleg det? Speler det nokon rolle om du veljar å gå elektrofag og vidare på høg elektrisitet, helse og oppvekstfag og vidare ambulanse-sjåfør, eller studiespesialisering med realfag? Svaret er dessverre ja, det betyr overraskande mykje for korleis andre ser på deg. Yrkesfaga slit med å få nok søkarar, til tross for at ein berre treng to år med teoretiske fag og at ein ofte er garantert jobb. Yrkesfaga har i følje fyrstelektor ved HiOA, Halvor Spetalen, fått eit «B-ste

Ta sats!

Bilde
Hugsar du då di einaste bekymring var om du rakk barne-tv, eller om du fekk laurdagsgodt? Mamma smurde matpakka di, og pappa var heime med deg når du var sjuk. Eg leika dagen lang, og heimeleksa var å fargelegge ei A4 side. Det er var ei god tid, utan mange bekymringar og plikter. Det kan jo sjølvsagt ikkje vere slik for alltid, og dei fleste av oss ynskjer heller ikkje at det skal vere slik. Om vi vil eller ikkje, så blir vi eldre. Vi får meir og meir ansvar, og blir kasta ut i oppgåver vi aldri har prøvd oss på før. Som fugleungar kastar vi oss ut frå det trygge reiret, og flaksar så godt vi kan med dei vengene vi har. Nokre har kraftige venger med stort spenn, andre mindre spenn, og meir skjøre venger. Svært få kan fly på første forsøk, og det hender ein gong iblant at vi deiser rett i bakken. Det er ikkje berre lett å bli vaksen. I tillegg til å finne ut kven vi vil vere og korleis vi skal takle i overkant mange kjensler, skal vi lære å søke jobb, jobbe, betale rekninga