Innlegg

Viser innlegg fra 2018

Hjartevarm desember

Bilde
Det er desember, og eit spesielt fokus på å dele og inkludere. Det er flott å sjå så mange engasjere seg for å gje fleire ei god juletid. Det strikkast oransje skjerf, lagast store gratis julemiddagar og grytene til Frelsesarmeen fylles opp med pengar og gåver. Kanskje gjev vi bort ei geit til ein familie i Afrika, eller pengar til forsking på kreft. Vi har moglegheit til å hjelpe, og det kjenst godt.  Heilt sidan eg var liten har eg fått høyre at eg har vunne i lotto. Eg er fødd i Noreg. Til eldre eg vert, til meir forstår eg kor sant det er. Det er ikkje tvil om at Noreg er eit godt land å bu i, kanskje til og med det aller beste. Vi bur i ein velferdsstat, vi kan dele meiningane våre, stemme fram politikken vi er einige i, og dei fleste har god økonomi og høg levestandar. Vi har nydeleg natur og god plass. Noreg er eit veldig godt land å bu i for  dei fleste, men også i landet vårt er det folk som treng ei hjelpande hand. Nokon har dårlig råd, nokon er einsame, har proble

Ver min ven

Bilde
Vener kjem, og vener går, - og nokon spesielle består. Etter kvart som eg har vorte eldre og har flytta til nye stader, har eg meir og meir forstått verdien av eit ekte venskap. Venskapen er ein stad for latter og for tårer, ein stad der ein kan få ein pustepause, gløyme alt ein ikkje vil tenkje på, og berre kose seg, - og ein stad der ein kan ta hol på verkebyllane, få ut frustrasjon, frykt og sorg. Det er ein stad der ein kan legge frå seg det seriøse og profesjonelle og berre vere seg sjølv, der ein kan dele erfaringar, føle seg forstått og kjenne seg verdsett. Har du ein god ven som du kan stole på, då er du utruleg heldig. Det er ei enorm tillitserklæring som du bør vere stolt av, og ta godt vare på! I barnehagen og fyrste delen av barneskulen var ikkje vener noko eg tenkte særleg over, dei berre var der. Vi forsvann inn i vår eiga fantasiverd, og leika på omgang med dei fleste. Etter kvart delte vi oss inn i mindre grupper på to og tre, og venskapen endra seg til ei seri

Eg høyrer du kviskrar

Bilde
Menneske kan til tider vere harde, både mot seg sjølv og andre. Dette gjeld kanskje spesielt unge menneske, som er i ei spesiell og tøff periode i livet, men eg trur òg det gjeld mange godt vaksne.  Dei fleste av oss ynskjer å verte godt likte, og for ein del betyr nok det å innpasse seg dei uskrivne reglane i samfunnet, gli inn i mengda, ta val ut frå kva samfunnet meiner er rett, medvitande eller ei. Men kva om du skil deg ut, om du ikkje klarar, eller ikkje har lyst til å vere som dei andre?  Baksnakking og utfrysing skjer alt for ofte, på grunnskulen, vidaregåande skule, universitet og høgskular, arbeidsplassar og i fritida. Sjølv vert eg ofte ukomfortabel og stum, når nokon snakkar dårleg om andre, eller dei gongane eg har overhøyrt samtalar om meg sjølv. Det er ikkje så lett å gå til motmæle, sjølv om eg både burde, og har all rett til det. Har det vorte litt for lett å slenge rundt seg med kommentarar om folk som ikkje er til stades? Og kvifor er det så vanskeleg å

Hysj

Bilde
I denne travle verda, full inntrykk og støy, e r eg heilt avhengig av å få tid for meg sjølv. Omtrent ein tredel av oss er i større eller mindre grad introverte. Vi får energi av å vere åleine, føretrekk få, nære relasjonar framfor store nettverk, og vi planlegg helst setningar før vi seier dei. Folk kjem av og til bort til meg når eg et lunsj åleine og spør meg om eg er lei meg. «Nei», svarer eg, «men takk for at du spør». Ein vert fort sett på som ein særing om ein vel bort det sosiale. Det er mange som slit med å forstå den gleda og energien som eg får av å sitte heime åleine å lese eller male, til fordel for det sosiale arrangementet «alle» andre skal på. «Er du deprimert?», «er du sint på meg?», «men det kjem jo til å verte gøy!». Det er lett å tenkje at ein burde hatt ei «ordentlig» unnskyldning. Eg vil jo ikkje at folk skal tru at eg takkar nei til sosiale aktivitetar fordi eg ikkje vil vere saman med dei. Mange trur nok òg at eg berre er sjenert, så la meg l eggje til

Nesten heilt vaksen

Bilde
Eg gler meg til å verte vaksen. Eg trur det vert fint. Likevel vert eg nokre gonger litt fortvila over alt eg ikkje kan og ikkje veit. Sjølv om eg no så vidt har byrja å klatre i 20-åra, så kjenner eg meg langt frå vaksen. Ikkje er eg born lenger heller. Eg veit eigentleg ikkje heilt kvar eg høyrer til, eller kjem til å ende opp. Det skremmer meg. Eg sit på hybelen min i den store hovudstaden og tenkjer at det sikkert er berre eg som kjenner meg einsam, stressa og forvirra. Det er det jo sjølvsagt ikkje. Det er heilt vanleg i 20-åra. Når ein akkurat har klart å karre seg gjennom puberteten og berg- og dalbanen av kjensler, så skal ein plutseleg forme heile vaksenlivet sitt. Det er mykje som skal på plass. Kvar skal du bu? Kven vil du dele livet med? Kva vil du jobbe med? Store og avgjerande val kjem i kø, og alle desse vala skal tas av deg. Kanskje veit du svaret på eit av dei, eller to. Kanskje ombestemmer du deg på vegen. Mange kjenner nok òg på forventningar, både frå seg s