Innlegg

Viser innlegg fra 2017

Unik ungdomstid

Bilde
Ungdomstida er tøff for mange. Det er òg mykje fint ved ungdomstida. Det er fleire moglegheiter som dukkar opp i tenåra som ein aldri vil få igjen. Kanskje er dei òg ekstra viktige akkurat då. Det var spesielt to ting som eg er evig takknemleg for at eg fekk vere med på i mi ungdomstid og som endra meg som menneske: musikal-oppsettingane til Ung i Valdres og Ung kultur møtes , betre kjend som UKM. Begge delar tilbod som ungdom i Valdres bør nytte seg av! Då eg gjekk på vidaregåande hadde eg som mange andre unge jenter dårleg sjølvkjensle og høge krav til meg sjølv. Men så gjekk eg på audition til Ung i Valdres si oppsetting av «Den Spanske Flue», og plutseleg stod eg på scena i kultursalen kry og stolt over meg sjølv. Eg er utruleg takknemleg for at Valdres vidaregåande skule gav meg, og fortsatt gir ungdom, mogeligheita til å vere med på på noko som dette. Det gir ungdom trua på seg sjølve og andre. Når ein jobbar saman mot eit felles mål over fleire månader går ein inn i ei

Støy på landet

Bilde
Vi tek inn enorme mengder informasjon og inntrykk i løpet av ein dag. På bussen, på jobb og skule, på trening, ja til og med på ferie. Vi lever i eit samfunn med mykje støy. Nesten heile tida er det noko som krev merksemda vår. Vi gøymer oss bak skjermar, roller og oppgåver. Kanskje gjer vi det med vilje? For der det ikkje er støy, der kjem stillheita og tankane våre. Tenk deg ein vanleg dag, der du er på skule eller jobb, med høg intensitet heile dagen. Etterpå er det kanskje trening, shopping eller kaffe-bar med venner, alltid med bakgrunnsmusikk! Heime med familien kan det og vere full fart med ulike aktivitetar. Ein heilt vanleg dag er svært kompleks og inneheld ofte ein eller anna form for støy. Også tida ein brukar saman med andre har endra seg. Det å klare å vere til stades med vener og familie over tid, utan å konstant sjekke mobil og sosiale medie, kan vere utfordrande for mange. Støy treng ikkje nødvendigvis å vere lyd, det kan vere noko anna som krev merksemd

Vrang og vridd psyke

Bilde
Samfunnet har dei siste åra fått mykje kritikk for å ikkje ta opp tabubelagde tema som depresjon, angst og sjølvmord. Talet på, spesielt unge, menneske som slit psykisk har vore aukande i fleire år. Barne- ungdoms- og familiedirektoratet kan fortelje at så mange som ein av tre 16-åringar ein gong i livet har hatt symptom som oppfyller kriteria for psykiatriske diagnosar. Og det er ingen grunn til å tru at dette er annleis i Valdres enn andre stader i landet. Det vert i følgje Folkehelseinstituttet registrert mellom 500 og 600 sjølvmord kvart år i Noreg. Ein antek at det er rundt ti gonger så mange forsøk. Dette er viktige tema vi må vere modige nok til å prate om på ein god måte. Dei seinaste åra har det vorte meir snakk om psykiske lidingar og sjølvmord. Fleire stader, både i Lillehammer og Oslo, er det halde markeringar for offer og pårørande for sjølvmord. Verdsdagen for psykisk helse vert kvart år tydelig markert på skular i heile Noreg. Mange menneske vel å fortelje om p

Spent student

Bilde
Det har gått eit skuleår sidan eg flytta frå fredlege Valdres til kaotiske Oslo. Som ein liten ubetydeleg prikk stod eg der , som ein av over 27 000 studentar på Universitetet i Oslo, og lurte på kvar eg skulle byrje. Nye menneske, ny stad, nye rutinar. Det heile verka overveldande. Likevel var det jo spennande. Det å vere ferdig med vidaregåande og få byrje på eit nytt kapittel i livet, gav meg pågangsmot. Eg fekk ein ny sjanse til å vise kven eg var. Nordisk og engelsk. Noko så artig! Eg har hatt eit av dei beste åra i mitt 20 år lange liv. Eg har gledd meg til førelesningar og skulebesøk, til å møte medstudentar og til pensumlesing. No har eg alltid vore glad i fag, så det var inga stor overrasking at eg var nøgd med faga. Forelesarane brenn for det dei driv med, og det er givande å møte opp til forelesing. Det som har vore den største oppturen er at eg har fått mange nye vener. Det var ikkje lett for ei blyg og stille valdresjente å verte lagt merke til i mylderet av s

Sjå meg!

Bilde
Som barn var mange av oss svoltne på merksemd. Vi ville dele verda vår med dei vaksne. Dette er berre sjarmerande fram til ein viss alder, og så ven vi oss av med det. Eller, vi pleidde å gjere det. Dei seinare åra verkar det som om denne hungeren berre har skifta form. Frå skriking og napping i armen på ein genser, til selfiar og lange monologar om oss sjølve. Vi vil bli lagt merke til, og vi vil verte snakka om. Kva er det som gjer at vi er så opptekne av at folk skal legge merke til oss? Somme skuldar på sosiale media. Ofte vert vi paradoksalt nok mindre sosiale av sosiale media. Vi styrer fokuset inn mot oss sjølve. På Facebook reklamerer vi nærast for oss sjølve, på Instagram legg vi ut urealistisk idylliske bilete, og bloggane flyt over av historier om dei psykiske problema våre. Her får ein ros og skryt for at ein er modig, vakker, spennande eller inspirerande. Men vi nemner ikkje dette utanfor nettverda. Framstillinga av oss sjølve går begge vegar, dei som har nådd b

Super - lærar

Bilde
Av og til undrar eg meg over om lærerar eigentleg skjønar kor stor betyding dei har i livet til barn og ungdom. Jo da, dei skjønar nok at dei er viktige, men skjønar dei kor utruleg viktige dei er? At dei faktisk kan påverke verdiar og haldningar, få born til å utvikle seg til gode samfunnsborgerar, påverke yrkesval,- eller dei kan motsett; medverke til at born mistar håp, glød og engasjement, at born ikkje trives eller kjenner på meistring. Eg har hatt fleire fantastisk dyktige lærarar på vegen min, eg vart sett og høyrt, eg fekk passe med utfordringar, og eg opplevde meistring. Takk til kvar og ein av dykk! De har inspirert meg frå barneskulen til vidaregåande skule, og no på Universitetet. Samfunnsfag, kunst, sosiologi og engelsk, - eg har gleda meg til neste kapittel frå eg gjekk i fyrste klasse. Lærarane eg har hatt, og far min, som òg er lærar, har inspirert meg til nettopp å byrje på ei lærarutdanning. Diverre er det ikkje alle som kan fortelje om inspirerande l