Unik ungdomstid
Ungdomstida
er tøff for mange. Det er òg mykje fint ved ungdomstida. Det er
fleire moglegheiter som dukkar opp i tenåra som ein aldri vil få
igjen. Kanskje er dei òg ekstra viktige akkurat då. Det var
spesielt to ting som eg er evig takknemleg for at eg fekk vere med på
i mi ungdomstid og som endra meg som menneske: musikal-oppsettingane
til Ung i Valdres og Ung kultur møtes, betre kjend som UKM. Begge
delar tilbod som ungdom i Valdres bør nytte seg av!
Då eg
gjekk på vidaregåande hadde eg som mange andre unge jenter dårleg
sjølvkjensle og høge krav til meg sjølv. Men så gjekk eg på
audition til Ung i Valdres si oppsetting av «Den Spanske Flue», og
plutseleg stod eg på scena i kultursalen kry og stolt over meg
sjølv. Eg er utruleg takknemleg for at Valdres vidaregåande skule
gav meg, og fortsatt gir ungdom, mogeligheita til å vere med på på
noko som dette. Det gir ungdom trua på seg sjølve og andre. Når
ein jobbar saman mot eit felles mål over fleire månader går ein
inn i ei boble og ein vert kjend med folk på ein heilt ny måte. Ein
ser òg sider ved folk som ein ikkje visste om. Dette er opplevingar
og erfaringar som eg vil bere med meg heile livet. Eg høyrer endå
stemma til drama-læraren seie «Detta bi so bra, Andrea!».
Lenge
før vidaregåande fekk eg ein kommentar om at eg burde melde meg på
UKM. Ung kultur møtes er ein unik arena for ungdom til å utnytte og
få vist fram evnene sine. Ein kan til dømes delta med
scene-innslag, kunst, litteratur, media eller som arrangør. Fyrste
gongen eg var med på UKM, som kunstar, var eg 13 år gamal. No har
UKM vorte ein del av identiteten min. Eg har hatt så mykje moro,
møtt så mange fine folk, lært så mykje nytt og fått delt kunsten
min med så mange andre kreative sjeler. I sommar var eg med på UKM
landsfestival, 20 år gamal, for siste gong. Sjølv om eg er litt
trist for at eg er blitt for gamal til å vere med neste år er eg òg
så takknemleg for alt UKM har lært og gitt meg. Eg har utvikla meg
både som menneske og kunstnar. Og eg er jo berre ein av mange tusen
som har delteke på UKM i Noreg, tenk på alle dei som sit med dei
same kjenslene som meg!
I år
så anbefaler eg deg difor å gi bort billetter til Ung i Valdres i
julegåve. Då støttar du unge draumar og talent, og ikkje minst gir
du bort ei fantastisk teateroppleving. Og er du så heldig å vere
mellom 13 og 20 år, meld deg på UKM då vel! Eg kan garantere deg
at du kjem til å møte mange kreative, talentfulle og spennande
ungdommar der, Valdres er full av dei!
Ynskjer
dykk alle ei riktig god førjulstid!
Publisert i Valdresmagasinet 9. desember 2017.
Kommentarer
Legg inn en kommentar