Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2018

Ver min ven

Bilde
Vener kjem, og vener går, - og nokon spesielle består. Etter kvart som eg har vorte eldre og har flytta til nye stader, har eg meir og meir forstått verdien av eit ekte venskap. Venskapen er ein stad for latter og for tårer, ein stad der ein kan få ein pustepause, gløyme alt ein ikkje vil tenkje på, og berre kose seg, - og ein stad der ein kan ta hol på verkebyllane, få ut frustrasjon, frykt og sorg. Det er ein stad der ein kan legge frå seg det seriøse og profesjonelle og berre vere seg sjølv, der ein kan dele erfaringar, føle seg forstått og kjenne seg verdsett. Har du ein god ven som du kan stole på, då er du utruleg heldig. Det er ei enorm tillitserklæring som du bør vere stolt av, og ta godt vare på! I barnehagen og fyrste delen av barneskulen var ikkje vener noko eg tenkte særleg over, dei berre var der. Vi forsvann inn i vår eiga fantasiverd, og leika på omgang med dei fleste. Etter kvart delte vi oss inn i mindre grupper på to og tre, og venskapen endra seg til ei seri