Ver min ven


Vener kjem, og vener går, - og nokon spesielle består. Etter kvart som eg har vorte eldre og har flytta til nye stader, har eg meir og meir forstått verdien av eit ekte venskap. Venskapen er ein stad for latter og for tårer, ein stad der ein kan få ein pustepause, gløyme alt ein ikkje vil tenkje på, og berre kose seg, - og ein stad der ein kan ta hol på verkebyllane, få ut frustrasjon, frykt og sorg. Det er ein stad der ein kan legge frå seg det seriøse og profesjonelle og berre vere seg sjølv, der ein kan dele erfaringar, føle seg forstått og kjenne seg verdsett. Har du ein god ven som du kan stole på, då er du utruleg heldig. Det er ei enorm tillitserklæring som du bør vere stolt av, og ta godt vare på!

I barnehagen og fyrste delen av barneskulen var ikkje vener noko eg tenkte særleg over, dei berre var der. Vi forsvann inn i vår eiga fantasiverd, og leika på omgang med dei fleste. Etter kvart delte vi oss inn i mindre grupper på to og tre, og venskapen endra seg til ei seriøs avtale om å alltid vere der for kvarandre. Besteveninna mi og eg var som erteris gjennom siste halvdel av barneskulen og på ungdomsskulen. Vi gjorde det meste saman. Aktivitetar, lekser, friminutt. Når noko særskilt skjedde, var ho den fyrste eg fortalde det til, og når noko plaga meg var ho den fyrste som fann ut av kva det var. Alle fortener å ha ein slik ven desse fyrste viktige barne -og ungdomsåra. Vener utgjer ein stor forskjell. Mangelen på dei, utestenging og mobbing kan prege eit heilt liv.

Når eg byrja på vidaregåande, og den vesle gjengen min spreidde seg rundt om i landet, merka eg kor mykje venskapen deira meinte for meg. For mange av oss var dette eit stort skritt å ta. Vi vart møtt av ei ny skule utan eit einaste kjend fjes, og starta med blanke ark. Å skape nye nettverk kan vere skummelt. Eit venskap krev at ein i større eller mindre grad gjer seg sårbar, og det vert dermed òg noko av det som har potensiale i seg til å såre oss mest. Einrisikerer å verte avvist. Ein risikerer å verte svikta eller valt bort. Både jenter og gutar kan vere nådelause med kvarandre. Skulle ein ha dårlege erfaringar med venskap frå tidligare, vert det kanskje endå vanskeligare å knyte nye. Å knyte venskap er ein læringsprosess, og det tek ofte tid å bygge opp den tilliten som er nødvendig, men heldigvis ynskjer dei fleste å vere ein god ven.

Venskap, og kva vi treng frå ein ven, endrar seg etter kvart som ein vert eldre. I ungdomsåra og byrjinga av vaksenlivet endrar vi oss mykje, og det betyr at venskapen ein har òg nødvendigvis vil endre seg. Vi er på ulike stader i livet, og har dermed òg ulike behov. Interessene våre endrar seg kanskje, og ein har ikkje så mykje til felles lenger. I tillegg kjem det nye viktige personar inn i livet, som partnarar og born, som gjer at ein må balansere og prioritere på ein annan måte enn før. Likevel trur eg ein merker kva for venskap det er verdt å ta vare på, og kva for venskap ein lyt la verte eit godt minne og eit tilbakelagt kapittel i livet.

Ta godt vare på venene du har, og finn nye! Alle treng ein ven!

Publisert i Valdresmagasinet 27. oktober 2018

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Unik ungdomstid

Mobbing krev handling!