Mobbing krev handling!
I Noreg vert om lag 32.000 skuleelevar utsett for verbal, sosial, materiell, fysisk, psykisk, eller digital mobbing til ei kvar tid (Kunnskapsdepartementet). Den 13 år gamle jenta som vart funnen død i ei hytte på Beitostølen nyttårsaftan er eit eksempel på korleis det kan gå om vi ikkje tek tak i mobbing, og ho er kun eit av mange eksempel.
Utestenging,
uthenging, utskjelling, audmjuking, latterliggjering, truslar og
baksnakking, lista er lang. Det konstante presset om å vere perfekt
både av utsjåande og på sosiale media, gjer situasjonen enda
verre. Kvar minste ting som skil deg frå mengda kan brukast mot deg.
Høyrer ein same utsegn mange nok gonger byrjar ein å tru på det
sjølv. Ein byrjar å ville endre på det som er feil, eller berre
gøyme seg så godt at ingen legg merke til det.
I 2002
lanserte tidligare statsminister Bondevik (KrF) eit manifest som
skulle avskaffe mobbing i løpet av to år ved hjelp av
nulltoleranse. 14 år seinare ser vi diverre at mobbing fortsatt er
eit stort problem. I vår skal kunnskapsminister Rød Isaksen (H)
legge fram ei ny tiltakspakke mot mobbing. Kva blir annleis denne
gongen? Utdanningsdirektoratet seier at det i perioden 2001-2015 er
brukt heile 75 millionar kroner på antimobbeprogram som Olweus,
Zero, PALS og liknande, utan at desse kan dokumentere særleg positiv
effekt (NOVA rapport, 2014). Papir og program hjelp lite om dei ikkje
fører til konkret handling!
Foreldre,
lærarar, elevar - alle som ser, har plikt til å ta tak i all form
for mobbing! Alle klassar har «leiarar», dei populære elevane som
andre elevar ser til, før dei tør å kome med ein kommentar. Desse
har eit spesielt ansvar for å ta tak i og motarbeide mobbing.
Lærarar har eit stort ansvar, og mykje makt når det kjem til
mobbing. Det å la klassa dele seg inn i grupper sjølve kan til
dømes fort bli ei form for ubevisst mobbing. Å stadig vere den
eleven ingen ynskjer å ha med på gruppa si er ikkje greit.
Skuleforskar
Oterkiil ved Universitetet i Stavanger, seier at forsking viser at
det er høgst førekomst av mobbing på skular med svak leiing, og
lågast førekomst av mobbing på dei skulane med sterk og tydeleg
leiing. (Oterkiil, UIS). Dette betyr kanskje at det er viktigare å
bruke pengar på å kurse leiarar, for å gjere dei trygge og
tydlege, framfor å setje inn program med fokus på borna? På skular
der leiinga vektlegg relasjonsbygging og verdiar som likeverd, der
elevar lærar å snakke opent saman, stå opp for kvarandre og ta
vare på kvarandre, der vil mobbing avta. Utydelege, veike vaksne
skapar mobbing!
Sjølv om det er vanskeleg, så kan vi ikkje tillate oss å gje opp!
Mobbeoffer ber på denne bagasjen heile livet. Bagasje som kan føre
med seg depresjon, manglande sjølvkjensle, tankar om sjølvmord og
ete-vegring. Det er ingen som har rett til å påføre andre denne
byrda! Mobbing skal ikkje oversjåast av nokon, om det er ein stygg
kommentar eller eit fysisk slag. For når alt kjem til alt så har vi
alle eit felles ansvar for å få ein slutt på dette.
Vær
klar, tydeleg og modig om du ser mobbing,- gå til handling!
Kanskje
reddar du eit liv i det du bryr deg!?
Valdresmagasinet, 13.02.16
Bilde: (http://www.klikk.no/foreldre/article933517.ece)
Bilde: (http://www.klikk.no/foreldre/article933517.ece)
Kommentarer
Legg inn en kommentar