Våge


Kor ofte ler du så godt at du ikkje greier å stoppe? Slik at du hikstar etter pusten. Slik at du har latterkrampe så du vrir deg. Slik at du kjenner lukka risle gjennom kroppen. 
Truleg ikkje ofte nok.

Vaksenlivet kan fort verke keisamt, fullt av plikter, ansvar, stress og profesjonalitet. Skiljet mellom jobb og fritid har for mange vorte meir utydeleg. Mange er tilgjengelege på telefon og e-post heile døgnet. Det forventast at ein skal klare å vere både fagleg dyktig, ein god partner, omsorgsfull forelder og ein god ven. For meg som er i overgangen til å verte vaksen, kjenner eg på at vaksenlivet ofte ser ut til å innehalde mykje alvor, og at det er mindre rom for kreativitet, humor og leik. Vi er veldig opptekne av korleis andre oppfattar oss. Alt må vere på stell både i arbeidslivet og privatlivet, eller det skal i alle fall sjå slik ut. Sjølv om ein del av oss kanskje har lyst til å tulle og le når livet vert litt grått og keisamt, trur eg at mange har ei slags sperre i seg. Det er rett og slett for ubehageleg å gå vekk frå norma, og det profesjonelle. Miljøet og kulturen vi er ein del av set kanskje ikkje pris på desse mindre seriøse sidene, så vi gøymer dei langt inni oss, eller vi dempar den sprudlande personlegdomen vår. Vi vågar ikkje å utfordre andre si oppfatning av oss. Eller vi er redde for å feile, verte avvist, ikkje vere morosame eller å ikkje vere gode nok. Sjølv om vi som born får høyre at det er normalt å feile og at det er ein god måte å lære på, så er det brått ikkje like greitt lenger, etter kvart som vi vert eldre. Samfunnet følgjer med på det vi gjer. Kanskje står det meir på spel, eller vi har fleire erfaringar som gjer at vi vegrar oss. Då er det jo ikkje rart vi vert seriøse og alvorlege.

Leik mjuknar oss opp, og gjev rom for å gjere feil. Vi treng ikkje uroe oss for at alt skal vere perfekt. Leik kan vere ei sårt tiltrengt pustepause frå jaget etter perfeksjonisme. Sjølv syslar eg mykje med teater. Noko av det beste eg veit er å varme opp med teaterleikar på teaterøving. Her får vi leike med stemma, herme, lage grimasar og rare rørsler, sloss, synge og improvisere. Her tek ingen seg sjølv høgtideleg, og det er heilt normalt å feile. Vi ler med kvarandre. Eg treng ikkje uroe meg for at det eg gjer ikkje er bra nok. For meg har dette vorte eit viktig pusterom. Eg trur det er sunt å ha ei eller anna form for pause frå den seriøse vaksne verda.

Vi er kanskje ikkje så flinke til å by på oss sjølve, eller ta oss tid til å leike, tulle og tøyse, eller spele eit spel, med mindre det er born til stades. Det treng ikkje å vere born til stades for at ein skal leike! Det finnes mange aktivitetar som kan lokke fram den litt meir kreative og leikne sida ved oss på ulike vis. Det finst variantar av teater- og selskapsleikar som passar til både kvardag og fest, det fins artige brettspel og fargeleggingsbøker. Ein kan drive med sport berre for moro skuld, eller ein kan danse til musikken ein høyrer på. Det er mange moglegheiter.

Alle seier at born treng å leike, ja, men det treng sanneleg ungdom og vaksne òg! Vi treng å lære at det ikkje er farleg å leike sjølv om ein er vaksen. Og vi treng å lære å ikkje sjå rart på dei som gjer det. Det bør vere heilt innanfor å senke skuldrene litt mellom slaga, og le, tulle og leike. Alt vi gjer treng ikkje å ha nytteverdi eller vere effektiv bruk av tid.

Ein god latter forlengjer livet. By på deg sjølv! Våg å utfordre!

Publisert i Valdresmagasinet 06. april 2019

Kommentarer

  1. Atter ein gong tek du om noko viktig i livet. Du viser klokskap og skriv med god innleving på ein glimrande måte.Teksten din er god reklame for nynorsk - Ivar Aasen ville ha blitt stolt. Takk, Andrea! PS: Eg tøysar gjerne litt meir :-)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Unik ungdomstid

Mobbing krev handling!