Festivalfolk


Norsk Rakfiskfestival er eit høgdepunkt kvart år. Det er då Valdres får vist seg fram. Vi får vist fram mattradisjonar, dialekt, natur og kultur. Vi får dele og styrke vår identitet med over 25 000 menneske frå by og bygd. Dette gjer oss stolte. For valdrisar er stolte! Og spesielt stolte blir vi av familie og av kjensla av å høyre til.

Tipptippoldefar min, Øystein Ø. Rudi (f. 1839), starta på 1880-talet Haugseter Fjellstove på Vinsteren, og var ein av dei fyrste som delvis livnærde seg av turisme. Klart dette gjer meg stolt. Det gjev meg ei tilknyting til Valdres, som eg før ofte tenkte at eg mangla. Ingen av foreldra mine er oppvakse i Valdres, og eg snakkar heller ikkje dialekt. Eg bur i Fagernes by. Eg har kanskje ikkje sett på meg sjølv som ein heilt fullgod valdris.

Bygd og by er motpolar. Kanskje har vi litt vanskeleg for å forstå kvarandre? «Byfølk» kallar dei oss som bur i Fagernes. Vi er «fine» på ting, og snakkar pent by-mål. På den andre sida trekk kanskje fagernesingane litt på smilebandet når det er skulefest, og traktorane kjem på rekke og rad, med staute karar i arbeidsklede. Den same dynamikken kan vi og sjå når menneske frå dei store byane, som Oslo og Bergen kjem til Fagernes. Då vert fagernesingane brått bygdefolk, og vert litt krye når nokon spør kva kanteføl eigentleg tyder. Dei gler seg og litt over traktoren som lagar kø. Folket frå storbyane tenkjer kanskje som fagernesingane fyrst gjorde, og undrar seg over kvifor bygdefolket ikkje berre kan seie potet så dei slepp å spørje kva kanteføl betyr, mens dei passar på å ikkje skitne til designer-jakkene sine. Dette er jo eit stereotypisk syn, for det er ikkje til å feie under teppet at vi har nokon fordommar mot kvarandre.

Bror til tippoldefar min, felemakaren Knut Ø. Rudi (f. 1878), fann opp fiskereiskapen oterfjøl. I 1929 starta han produksjon av reiskapen, og etter krigen var salet oppe i 7 – 8000 oterfjøler i året. Han var og ein valdris eg kan vere stolt over å ha tilknyting til. Klart det er artig å skryte litt av slekta si, samtidig som eg ikkje vil at det skal vere hovudgrunnen til at eg føler at eg høyrer til i Valdres. Sjølv om eg ikkje hadde hatt ei slektshistorie knytt til Valdres, burde eg få lov til å kalle meg valdris, berre av den grunn at eg er oppvaksen her, og er glad i Valdres.

Valdres har vorte ein region der by og bygd alltid vil vere nært knytt til kvarandre. Difor tenkjer eg at det er viktig å kvitte seg med fordommane vi sit på, både mot by og mot bygd, og bli kjend med personane under. Valdres treng innflyttarar, Valdres treng familiar som har budd her i generasjonar, og Valdres treng turistar. Valdres treng bygdefolk og Valdres treng byfolk.

Rakfiskfestivalen er med på å viske ut forskjellane mellom by og bygd. Vi vert eit festivalfolk. Vi et saman, drikk saman, høyrer på musikk saman, og har det artig saman. Kanskje skapar vi meir kontrast mellom oss, enn det faktisk er? Sjølvsagt er det ulikskapar om ein har vakse opp i by eller bygd, men det er jo berre ein av hundrevis av faktorar som gjer oss til unike individ. Eg håper at folk tar med seg kjensla av å vere eit fellesskap under festivalen inn i kvardagen. Vi veit ikkje kva for menneske vi har framfor oss basert på kor personen kjem frå. Det er mange interessante menneske å bli kjend med der ute!


God festival!

Publisert i Valdresmagasinet 29.10.16

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Våge

Ta sats!