Ta sats!

Hugsar du då di einaste bekymring var om du rakk barne-tv, eller om du fekk laurdagsgodt? Mamma smurde matpakka di, og pappa var heime med deg når du var sjuk. Eg leika dagen lang, og heimeleksa var å fargelegge ei A4 side. Det er var ei god tid, utan mange bekymringar og plikter. Det kan jo sjølvsagt ikkje vere slik for alltid, og dei fleste av oss ynskjer heller ikkje at det skal vere slik.

Om vi vil eller ikkje, så blir vi eldre. Vi får meir og meir ansvar, og blir kasta ut i oppgåver vi aldri har prøvd oss på før. Som fugleungar kastar vi oss ut frå det trygge reiret, og flaksar så godt vi kan med dei vengene vi har. Nokre har kraftige venger med stort spenn, andre mindre spenn, og meir skjøre venger. Svært få kan fly på første forsøk, og det hender ein gong iblant at vi deiser rett i bakken. Det er ikkje berre lett å bli vaksen. I tillegg til å finne ut kven vi vil vere og korleis vi skal takle i overkant mange kjensler, skal vi lære å søke jobb, jobbe, betale rekningar, spare, bu aleine, handle og lage mat, vaske klede, lære å køyre... Vi bør vite kva BSU og aksjefond er, vi bør trene, sjå bra ut, ha mange vener og vere varsame på sosiale medier. For mange kan det å lausrive seg frå det trygge livet heime opplevast som eit sjokk.



Det fleste av oss tileignar seg dei nødvendige ferdigheitene gradvis over fleire år. Det er samtidig slik at ein dag må ein ta ein sats inn i vaksenlivet. For mange ungdommar kjem dette tidspunktet når dei er ferdige med vidaregåande skule. Då står vi ovanfor fleire val: Skal vi flytte, og kvar skal vi i så fall flytte? Skal vi ta meir utdanning eller jobbe?

Det er mange store og viktige skritt å ta, og kan derfor virke utrygt og skremmande. Ungdom er ulikt rusta for å tore å ta sats. Og korleis veit ein eigentleg om ein er klar? Mange foreldre har gjort ein solid innsats for å herde og ruste borna sine, slik at dei skal verte klare for verda. Likevel er det nok stor skilnad på grunnpakka ungdom har fått med seg, og slett ikkje all ungdom er så mottakelege for foreldra sine gode råd, men ynskjer å gjere eigne erfaringar.

Å starte vaksenlivet kan vere hardt, men etterkvart som ein ven seg til endringar og utfordringar, kjem det og ein god del fordelar. Brått bur du for deg sjølv, du har full råderett over deg sjølv, kva du vil gjere, og kva du ikkje vil gjere; du slepp mas, dårleg samvit, og kan skape det livet du ynskjer å leve.

Likevel; å ha foreldra sine i ryggen, å vite at dei støttar opp, gjev oss rettleiing og gode tips, i desse fyrste viktige vaksenåra, er gull verd. Å vite at du har støtte og at det er mogeleg å spørje om hjelp heime, kjennes trygt ut.

Sjølv om det er utfordrande for oss unge å starte på vaksenlivet, er det viktig å hugse at det truleg heller ikkje er så lett for alle foreldre å sleppe borna sine; la dei fly, - men ein dag er dagen komen, og ein lyt berre «ta sats!» 

Valdresmagasinet, 20.06.15

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Våge