Innlegg

Viser innlegg fra 2016

Blanke auge på julaftan

Bilde
I fjor fekk eg ei gåve som fekk meg til å smile frå øyre til øyre, og som gjorde auga mine blanke. Gåva bestod av åtte små gåvekort med aktivitetar som eg og mi beste venninne kunne gjere saman. Eg kunne ikkje ønska meg noko betre! I følgje Aftenposten vil kvar enkelt person i snitt bruke 5622 kroner på julegåver i år. Slår vi dette beløpet saman med resten av julebudsjettet, som julemat og pynt, kjem vi opp i ein sum på svimlande 10 700 kroner. Det er mykje pengar. Samstundes sit vi der på julaftan i ein haug av klede, og fullt av duppedingsar og ting vi kanskje ikkje treng. Nordmenn blir litt ekstra generøse når jula kjem. Vi brukar faktisk dobbelt så mykje pengar på julegåver som svenskane gjer. Nordmenn har god økonomi, og når det då attpåtil kjem lokkande tilbod som «Black Friday» endar vi kanskje opp med å kjøpe ei dyr klokke eller ein genser, berre fordi det var 30% rabatt på det. Vi lever i eit forbrukarsamfunn. Vi får ting og klede både til jul og bursdag, og i

Festivalfolk

Bilde
Norsk Rakfiskfestival er eit høgdepunkt kvart år. Det er då Valdres får vist seg fram. Vi får vist fram mattradisjonar, dialekt, natur og kultur. Vi får dele og styrke vår identitet med over 25 000 menneske frå by og bygd. Dette gjer oss stolte. For valdrisar er stolte! Og spesielt stolte blir vi av familie og av kjensla av å høyre til. Tipptippoldefar min, Øystein Ø. Rudi (f. 1839), starta på 1880-talet Haugseter Fjellstove på Vinsteren, og var ein av dei fyrste som delvis livnærde seg av turisme. Klart dette gjer meg stolt. Det gjev meg ei tilknyting til Valdres, som eg før ofte tenkte at eg mangla. Ingen av foreldra mine er oppvakse i Valdres, og eg snakkar heller ikkje dialekt. Eg bur i Fagernes by. Eg har kanskje ikkje sett på meg sjølv som ein heilt fullgod valdris. Bygd og by er motpolar. Kanskje har vi litt vanskeleg for å forstå kvarandre? «Byfølk» kallar dei oss som bur i Fagernes. Vi er «fine» på ting, og snakkar pent by-mål. På den andre sida trekk kans

Identitet frå bygd til by

Bilde
I august flytta eg til Oslo og begynte på Universitetet. Det kjem ei tid for alle, der ein må forlate den trygge, gode heimen, og dra ut i verda på eiga hand. Kor langt ein ynskjer å dra er opp til kvar enkelt, men ein god del endar opp i byar, der jobb- og utdanningsmoglegheitene er fleire. Frå frisk fjelluft, ein halvfull skulebuss og langt til næraste nabo, møter ein i byen stor trafikk av både kjøretøy og menneske, mange lydar, lukter og inntrykk, fulle bussar, T-baner og tog, og ikkje minst heilt andre sosiale normer og reglar. Korleis kan ein behalde identiteten sin i eit så stort og overveldande miljø? Kven er du? Det er utruleg viktig å tenkje nøye gjennom kven ein er, og kven ein ynskjer å bli oppfatta som når ein kjem til ein ny plass. Det er så lett å forsvinne i mengda. Når ein ikkje kjenner ei levande sjel, kan jobben som ligg framfor deg virke enorm. Det kan freiste meir å trekke seg tilbake, enn å vise verda kven du er. Sjølv om det er behageleg å berre flyt

Høgsesong for dumping av dyr

Bilde
Etter eit langt år nærmar sommarferien seg. Endeleg kan ein bruke tida på det ein vil, god mat, sove lenge og nye opplevingar og stader. Vekene skal nytast, - med familie, vener,- og dyr ! Å eige eit dyr er mykje ansvar. Ein har påtatt seg å ta vare på eit levande vesen, som treng mat, kjærleik og aktivitet. Mange trur at dei kan fråskrive seg dette ansvaret, berre fordi det er ferie. Kvart år blir fleire dyr; både overlate til seg sjølve, eller sett ut for å døy, fordi dei skapar problem for folks ferieplanar. Heimlause dyr svelt i hel, dør av dehydrering, sjukdom, eller vert utsett for mishandling . I Dyrevernloven paragraf 14 er det spesifisert et særskilt forbod mot å hensette dyr i hjelpelaus tilstand. Du skal ikkje dumpe dyr. Likevel ser Dyrebeskyttelsen ei rekke brot på denne bestemmelsen, spesielt i sommermånedane. (dyrebeskyttelsen.no) I følgje Dyrebeskyttelsen gjeld over 80% av dumping-sakene kattar, og det er inga overrasking at fellesferien er høgsesong

#kvardagslykke

Bilde
Veit du at lykkelige menneske lever i gjennomsnitt 10 år lengre enn ulykkelege? (nrk.no) Men k va er lykke? Korleis veit ein at ein er tilstrekkelig lykkelig? Er du lykkelig? Mange set lykke på toppen av lista over mål i livet, og ein skulle tru at å oppnå lykke var ei enkel sak for oss i Noreg, - vi som bur i landet som er kåra til verdas beste land å bu i 12 år på rad. (HDI) Likevel slit fleire enn nokon gong før med psykiske problem, fleire går på antidepressiva og til psykolog. I følje ei undersøking publisert i VG, gir kvar tredje av oss terningkast fire eller lågare når vi skal vurdere lykkekjensla vår. Det er mykje som hindrar oss frå å nyte lykkekjensla; det kan vere at ein stressar på jobb eller skule, er misnøgd med karakterar eller utsjånad, at ein har lite pengar eller eit kaotisk familieliv. Ein ser fleire fellestrekk ved lykkelege menneske; dei har gode relasjonar som dei bruker tid og energi på, dei har livsmål, god sjølvkjensle, dei mimrar tilbake på

Mobbing krev handling!

Bilde
I Noreg vert om lag 32.000 skuleelevar utsett for verbal, sosial, materiell, fysisk, psykisk, eller digital mobbing til ei kvar tid (Kunnskapsdepartementet). Den 13 år gamle jenta som vart funnen død i ei hytte på Beitostølen nyttårsaftan er eit eksempel på korleis det kan gå om vi ikkje tek tak i mobbing, og ho er kun eit av mange eksempel. Utestenging, uthenging, utskjelling, audmjuking, latterliggjering, truslar og baksnakking, lista er lang. Det konstante presset om å vere perfekt både av utsjåande og på sosiale media, gjer situasjonen enda verre. Kvar minste ting som skil deg frå mengda kan brukast mot deg. Høyrer ein same utsegn mange nok gonger byrjar ein å tru på det sjølv. Ein byrjar å ville endre på det som er feil, eller berre gøyme seg så godt at ingen legg merke til det. I 2002 lanserte tidligare statsminister Bondevik (KrF) eit manifest som skulle avskaffe mobbing i løpet av to år ved hjelp av nulltoleranse. 14 år seinare ser vi diverre at mobbing fortsatt

Einsemd – våg å åpne døra!

Bilde
Jula er eit høgdepunkt for mange. Vi et god mat, har lang ferie og er saman med familie og vener. Sjølv om enkelte av oss stressar litt med å skrive julekort, kjøpe presangar, pynte og vaske til jul, så er det noko med desember som får oss til å smile. Vi kjøper presangar til dei vi er glade i, vi vaskar og pyntar saman med dei vi er glade i, og vi sender julekort til dei vi er glade i. Jul blir difor, kanskje ikkje overraskande, av mange forbunde med glede og samhald. Diverre er det nokon som ikkje har familie og vener rundt seg i denne tida. For dei kan opplevinga vere ei heilt anna. Det er fleire som gruar seg til jul. I høgtider, når omverda verkar ekstra opptatt av familie og venefestar, kan eins egen situasjon fort verke ekstra mørk. Ein kan føle seg ekskludert, og ein vert heile tida minna på alt ein ikkje har. I følje ein artikkel VG publiserte i desember 2010 er einsemd i jula, ein av grunnane til at dødstala er høgast i desember og januar. Einsemd disponerer for flei

Fest for folk flest

Bilde
Norsk Rakfiskfestival er ein fest av smak, lukt og musikk! I tre dagar er gatene fylde med rundt 25000 lystige menneske. Hytteområda er fulle, kaféar manglar ledige bord, og det myldrar på kjøpesentera. Valdres har all grunn til å juble. Ikkje berre skapar Rakfiskfestivalen merksemd rundt tradisjonar og identitet i Valdres, men det blir og lagt igjen ein heil del pengar, som kjem Valdres til gode. Dette er ei helg som skal nytast! Mellom alle desse menneska som ivrig smakar på ny mat og handlar i bodene, er det diverre også nokon som ikkje skapar like god stemning. Kvart år kan ein sjå fleire som allereie tidleg på dag, sjanglar rundt stupfulle. For mange er rakfiskfestivalen einsbetydande med alkohol, og det vert selt store mengder øl og akevitt. Det som imidlertid er litt synd, er at nokon ikkje klarar å begrense seg, og drikk langt meir enn dei burde. Dei fleste som er unge i dag takkar heller ikkje nei til ein god fest. Derimot får dei kjeft når dei drikk seg fulle,

Videregåande status

Bilde
Du sitt i gymsalen og ventar på å bli ropt opp. Det er fyrste skuledag på vidaregåande skule. Du veit lite om kva som ventar deg. Ikkje kjennar du dei andre i klassa di, ikkje veit du kor du skal gå eller når du skal gå dit, og ikkje minst blir du plutseleg del av eit nytt skulesamfunn med nye normer og reglar. Her blir eit breitt utval av yrkesgrupper representert, både praktiske og teoretiske. Ein skulle tru at alle fyrsteklassingar stillar likt, og må finne sin nye plass i skulesamfunnet, men gjer dei eigentleg det? Speler det nokon rolle om du veljar å gå elektrofag og vidare på høg elektrisitet, helse og oppvekstfag og vidare ambulanse-sjåfør, eller studiespesialisering med realfag? Svaret er dessverre ja, det betyr overraskande mykje for korleis andre ser på deg. Yrkesfaga slit med å få nok søkarar, til tross for at ein berre treng to år med teoretiske fag og at ein ofte er garantert jobb. Yrkesfaga har i følje fyrstelektor ved HiOA, Halvor Spetalen, fått eit «B-ste

Ta sats!

Bilde
Hugsar du då di einaste bekymring var om du rakk barne-tv, eller om du fekk laurdagsgodt? Mamma smurde matpakka di, og pappa var heime med deg når du var sjuk. Eg leika dagen lang, og heimeleksa var å fargelegge ei A4 side. Det er var ei god tid, utan mange bekymringar og plikter. Det kan jo sjølvsagt ikkje vere slik for alltid, og dei fleste av oss ynskjer heller ikkje at det skal vere slik. Om vi vil eller ikkje, så blir vi eldre. Vi får meir og meir ansvar, og blir kasta ut i oppgåver vi aldri har prøvd oss på før. Som fugleungar kastar vi oss ut frå det trygge reiret, og flaksar så godt vi kan med dei vengene vi har. Nokre har kraftige venger med stort spenn, andre mindre spenn, og meir skjøre venger. Svært få kan fly på første forsøk, og det hender ein gong iblant at vi deiser rett i bakken. Det er ikkje berre lett å bli vaksen. I tillegg til å finne ut kven vi vil vere og korleis vi skal takle i overkant mange kjensler, skal vi lære å søke jobb, jobbe, betale rekninga