Høgsesong for dumping av dyr


Etter eit langt år nærmar sommarferien seg. Endeleg kan ein bruke tida på det ein vil, god mat, sove lenge og nye opplevingar og stader. Vekene skal nytast, - med familie, vener,- og dyr !

Å eige eit dyr er mykje ansvar. Ein har påtatt seg å ta vare på eit levande vesen, som treng mat, kjærleik og aktivitet. Mange trur at dei kan fråskrive seg dette ansvaret, berre fordi det er ferie. Kvart år blir fleire dyr; både overlate til seg sjølve, eller sett ut for å døy, fordi dei skapar problem for folks ferieplanar. Heimlause dyr svelt i hel, dør av dehydrering, sjukdom, eller vert utsett for mishandling.

I Dyrevernloven paragraf 14 er det spesifisert et særskilt forbod mot å hensette dyr i hjelpelaus tilstand. Du skal ikkje dumpe dyr. Likevel ser Dyrebeskyttelsen ei rekke brot på denne bestemmelsen, spesielt i sommermånedane. (dyrebeskyttelsen.no)

I følgje Dyrebeskyttelsen gjeld over 80% av dumping-sakene kattar, og det er inga overrasking at fellesferien er høgsesong for dette. I 2012 fekk organisasjonen beskjed om over 3500 dyr utan eigar, og dette talet blir stadig høgare. Kva er det som gjer til at folk har hjarte til å dra frå ein hjelpelaus og svolten kattunge i skogen? Eller å putte dei i ein striesekk, og drukne dei? Det er sjokkerande og heilt forkasteleg at menneske kan få seg til å drepe dyra på grunn av ein sydenferie. Slike menneske er openbart ikkje egna til å ha dyr, og burde aldri ha lov til å ha dyr i utgangspunktet.

I Valdres har mange gard, og det blir difor umulig å dra på ferie utan å få nokon til å ta over drifta. Her har fleire av oss noko å lære av bøndene. For familiar og enkeltpersonar som har teke til seg eit dyr bør det vere like umogleg å reise bort utan at du veit at kjæledyret har det bra. Skal du bort, så få nokon til å sjå etter dyra dine, - spør naboen, ein ven eller eit familiemedlem- eller sjekk Dyrevernalliansen sine heimesider. Der finn du tips og reglar for å ta med dyr på ferie.

Hugs og på at det ikkje trygt å etterlate hund i bilen på varme dagar. Sjølv om ein parkerer i skuggen, med vindauge oppe og vatnskåla framme, kan temperaturane raskt bli høge. Dette er livsfarlig for ein hund, og kan ende i heteslag og død.

Ta godt vare på dyra dine, i sommar og alltid! Ein skal ikkje tulle med liv, heller ikkje dyr sine!

God sommar!

KVA KAN DU GJERE?
  • Id-merk dyra dine med mikrochip.
  • Kastrer eller steriliser dyra dine.
  • Meld frå til Mattilsynet (telefon 06040), politiet (telefon 02800) eller Dyrebeskyttelsen om du kjem over heimlause dyr, eller dyr innestengt i varm bil.
  • Om du ser ein hund innestengd i ein bil om sommaren, hugs at det ikkje alltid er tid til å vente på politiet. Du har lov, og plikt, til å ta deg inn i bilen på anna vis om det er fare for liv og helse. Dette kan til dømes innebære å knuse bilruta. 
  • Anmeld brot på dyrevernloven.

Ikkje publisert i Valdresmagasinet pga. plassmangel.
Bilde: Andrea B. Grøneng





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Våge

Ta sats!