Eg høyrer du kviskrar


Menneske kan til tider vere harde, både mot seg sjølv og andre. Dette gjeld kanskje spesielt unge menneske, som er i ei spesiell og tøff periode i livet, men eg trur òg det gjeld mange godt vaksne. 

Dei fleste av oss ynskjer å verte godt likte, og for ein del betyr nok det å innpasse seg dei uskrivne reglane i samfunnet, gli inn i mengda, ta val ut frå kva samfunnet meiner er rett, medvitande eller ei. Men kva om du skil deg ut, om du ikkje klarar, eller ikkje har lyst til å vere som dei andre? 

Baksnakking og utfrysing skjer alt for ofte, på grunnskulen, vidaregåande skule, universitet og høgskular, arbeidsplassar og i fritida. Sjølv vert eg ofte ukomfortabel og stum, når nokon snakkar dårleg om andre, eller dei gongane eg har overhøyrt samtalar om meg sjølv. Det er ikkje så lett å gå til motmæle, sjølv om eg både burde, og har all rett til det. Har det vorte litt for lett å slenge rundt seg med kommentarar om folk som ikkje er til stades? Og kvifor er det så vanskeleg å seie i mot når nokon spreier rykte, eller frys ut andre? Ein skal trø varsamt, konsekvensane kan verte store for dei det gjeld. Eg synst det er på overtid å gjere noko med det, og alle har eit ansvar.

I Valdres, der alle kjenner alle, kan det vere vanskeleg å ta utradisjonelle val, eller skilje seg ut, og valdrisen er glad i å snakke om andre. Valdres er langt frå den einaste plassen i Noreg, der sladder ofte får praten i gong. Plutseleg kan ein få kjensla av at heile bygda kviskrar bak ryggen din. Og sjølv om det ikkje nødvendigvis meinast vondt, kan det lett oppfattast slik. Ei fjær kan verte til ti høns. Det vil alltid vere detaljar ein ikkje kjenner til om andre sin situasjon, og vi har vel stengt talt heller ingen rett til å blande oss inn i andre sitt privatliv. Mange har med seg livshendingar og bagasje som er med å pregar den ein er. Ein kjem sjølvsagt heller ikkje overeins med aller ein møter. Vi bør likevel vere vaksne nok til å forstå at uansett årsak, så er det aldri ein grunn god nok til å snakke ned andre.

Vi må verte betre på å lyfte kvarandre opp, godta ulikskapen vår, inkludere og vere rause med kvarandre. Vi er alle berre menneske, vi gjer alle feil og vi er ulike. Det er vel det same korleis ein ser ut, pratar, kvar ein kjem frå eller kva for interesser ein har. Ein kan fortsatt vere triveleg. Vi har alle behov for ein ven, ein hyggelig kollega eller ein fin kommentar frå ein tilfeldig person. For meg har det vorte ein god leveregel å ikkje seie noko om andre, som eg ikkje kunne sagt om vedkommande hadde vore tilstades og høyrt på. 

Kan vi ikkje berre vere rause med kvarandre, respektfulle og audmjuke? Det er ikkje verre enn å følje kardemommelova, ein skal ikkje plage andre, ein skal vere grei og snill, og for øvrig kan ein gjere kva ein vil! Så sei hei, set deg ved sida av dei som sit aleine, smil meir, klem fleire, ha augekontakt, gje kompliment! 
Vi treng alle å verte sett, høyrt og bekrefta.

God haust! Ta vare på kvarandre!

Publisert i Valdresmagasinet 22.september 2018.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Unik ungdomstid

Mobbing krev handling!