Spent student



Det har gått eit skuleår sidan eg flytta frå fredlege Valdres til kaotiske Oslo. Som ein liten ubetydeleg prikk stod eg der, som ein av over 27 000 studentar på Universitetet i Oslo, og lurte på kvar eg skulle byrje. Nye menneske, ny stad, nye rutinar. Det heile verka overveldande. Likevel var det jo spennande. Det å vere ferdig med vidaregåande og få byrje på eit nytt kapittel i livet, gav meg pågangsmot. Eg fekk ein ny sjanse til å vise kven eg var.

Nordisk og engelsk. Noko så artig! Eg har hatt eit av dei beste åra i mitt 20 år lange liv. Eg har gledd meg til førelesningar og skulebesøk, til å møte medstudentar og til pensumlesing. No har eg alltid vore glad i fag, så det var inga stor overrasking at eg var nøgd med faga. Forelesarane brenn for det dei driv med, og det er givande å møte opp til forelesing. Det som har vore den største oppturen er at eg har fått mange nye vener. Det var ikkje lett for ei blyg og stille valdresjente å verte lagt merke til i mylderet av studentar der alle var på jakt etter nye nettverk. Eg har strekt meg langt utanom komfortsona mi, men det har verkeleg lønt seg. Det har vore fantastisk artig å finne menneske som interesserer seg for det same som meg. Vi har halde quiz-kveldar heime på hybelen hos kvarandre, spelt frisbee i slottsparken, diskutert fag og ledd av knusktørre norskfag-vitsar. I og med at eg har byrja på eit femårig masterstudie for å bli lektor, har det å skape eit sosialt nettverk vore spesielt viktig for meg. Eg skal gå så mange år saman med dei same studentane. Etter eit år på universitetet kjenner eg at eg byrjar å få identitet, og at eg er stolt over å høyre til lektorstudent-miljøet.

Klart har det óg vore nedturar. Bli-kjend-veka fyrst i august var skremmande, og eg vart ikkje noko særleg kjend med nokon. Eg drog heim til trygge Valdres allereie fyrste helga. Korleis resten av semesteret skulle gå var eg usikker på. Eg som alltid har fått jevnt gode karakterar, - strauk for fyrste gong i livet på ei oppgåve. Det å jobbe så knallhardt og fortsatt få ein karakter eg ikkje var nøgd med på eksamen var nytt for meg. Det er ikkje noko kjekt å få dårlege tilbakemeldingar når ein gjer så godt ein kan. Universitetet er utruleg mykje meir krevjande enn vidaregåande skule, men det må det jo òg vere. Året har lært meg mykje, både personleg og fagleg. Ein veks av å vere student.

Fem år er no vorte til fire, og sjølv om det no fyrst skal bli godt med ein lang og god sommarferie, så gler eg meg til haust og skulestart. Dersom du blir student til hausten, eller kjenner nokon som vert det, vil eg fyrst berre seie at du kan glede deg. Det beste rådet eg kan gi er å investere krefter og tid i det sosiale. Ikkje bli usynleg i mylderet. Klart må det vere ein balanse mellom det sosiale og faglege, men studietida vert mykje artigare og lettare når du har nokon å dele den med.


God sommar og lukke til med skule- og studiestart!

Publisert i Valdresmagasinet 24.06.17

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Våge

Ta sats!