Hjartevarm desember



Det er desember, og eit spesielt fokus på å dele og inkludere. Det er flott å sjå så mange engasjere seg for å gje fleire ei god juletid. Det strikkast oransje skjerf, lagast store gratis julemiddagar og grytene til Frelsesarmeen fylles opp med pengar og gåver. Kanskje gjev vi bort ei geit til ein familie i Afrika, eller pengar til forsking på kreft. Vi har moglegheit til å hjelpe, og det kjenst godt. 

Heilt sidan eg var liten har eg fått høyre at eg har vunne i lotto. Eg er fødd i Noreg. Til eldre eg vert, til meir forstår eg kor sant det er. Det er ikkje tvil om at Noreg er eit godt land å bu i, kanskje til og med det aller beste. Vi bur i ein velferdsstat, vi kan dele meiningane våre, stemme fram politikken vi er einige i, og dei fleste har god økonomi og høg levestandar. Vi har nydeleg natur og god plass. Noreg er eit veldig godt land å bu i for dei fleste,men også i landet vårt er det folk som treng ei hjelpande hand. Nokon har dårlig råd, nokon er einsame, har problem med rus eller alkohol, eller slit med psykisk eller fysisk helse. I eit så trygt og rikt land som Noreg bør vi sørgje for at òg desse gruppene skal kjenne at landet deira er godt å bu i.

Samtidig herjar krig, svolt og sjukdom i store delar av verda. Det er så mange som har behov for hjelp at det heile fort kan verte litt overveldande. Kvardagen har eit høgt tempo, og mange kjenner at dei har nok å stri med sjølve. Ofte kjem ein ikkje lenger enn til tanken. Kor skal ein byrje?
Det kjenst urettferdig at vi sit heime i den varme og trygge stova og kosar oss med pizza på fredagskvelden, trygge, varme og friske. Samtidig hjelper det ingen at vi et pizza med dårlig samvit, eller at vi ofrar dei mindre heldige ein tanke i ny og ne. Vi må handle!

Ein kan ikkje hjelpe heile verda på ein gong, men ein kan kanskje hjelpe ein eller to? Tenkjer ein slik vert det òg litt enklare å byrje. Dersom ein gjer det å hjelpe til ei rutine, trur eg òg det går lettare. Eg trur at det kan vere ein god ide å sette seg ned og tenkje over kva for saker ein bryr seg aller mest om. Du kan faktisk bidra berre ved nokon få tastetrykk på mobilen, rett frå sofakroken. Samtidig treng vi òg folk som fysisk møter opp og hjelper til. Eg er glad det finst slike folk!

Det finst mange organisasjonar som ynskjer å informere deg om korleis du kan gjere ein forskjell for akkurat deira hjartesak. Ikkje treng du forlate Valdres heller. Kva med å verte besøksvenn på ein sjukeheim, verte med i Raude Krossen, handle på Sildreøya sin marknad, gje ei gåve til Stabburshella, eller engasjere seg på Frivillighetssentralen? Det finst mange måtar og hjelpe på, og mange forskjellige grupper som treng di hjelp. Inviter naboen på kaffi, meld deg inn i ein organisasjon som kjempar for noko du meiner er viktig, kanskje har du nokon klede som ikkje vert brukt som kan gis bort, eller du kan få deg eit fadderbarn og sikre skulegangen til ein som elles aldri ville fått ei utdanning.

Du kan faktisk gjere ein skilnad! Det skal ikkje alltid så mykje til som ein trur. Uansett kva som er viktig for deg kan eg love deg atdet sit nokon der ute du kan gjere ein forskjell for. Eg er stolt av å sjå den hjartevarmen valdrisar og nordmenn viser i desember. Måtte vi berre fortsette å gje pengar, tid og omsorg også i januar, mai og august.

God hjartevarm jul!

Publisert i Valdresmagasinet 8. desember 2018

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Unik ungdomstid

Mobbing krev handling!