Hysj


I denne travle verda, full inntrykk og støy, er eg heilt avhengig av å få tid for meg sjølv. Omtrent ein tredel av oss er i større eller mindre grad introverte. Vi får energi av å vere åleine, føretrekk få, nære relasjonar framfor store nettverk, og vi planlegg helst setningar før vi seier dei.

Folk kjem av og til bort til meg når eg et lunsj åleine og spør meg om eg er lei meg. «Nei», svarer eg, «men takk for at du spør». Ein vert fort sett på som ein særing om ein vel bort det sosiale. Det er mange som slit med å forstå den gleda og energien som eg får av å sitte heime åleine å lese eller male, til fordel for det sosiale arrangementet «alle» andre skal på. «Er du deprimert?», «er du sint på meg?», «men det kjem jo til å verte gøy!». Det er lett å tenkje at ein burde hatt ei «ordentlig» unnskyldning. Eg vil jo ikkje at folk skal tru at eg takkar nei til sosiale aktivitetar fordi eg ikkje vil vere saman med dei. Mange trur nok òg at eg berre er sjenert, så la meg leggje til at det å vere sjenert ikkje er det same som å vere introvert. Sjølv om det å vere saman med andre er både koseleg og viktig, så vil det òg tappe meg for krefter. Eg treng tid åleine for å lade opp og ha det bra.

Det er fort gjort å sjå på det å vere introvert som ei hindring, ei ulempe. Arbeidsplassar søker etter deg som er «utadvend» og «sosial», «energisk» og «engasjert». Kva hjelper det då om eg er konsentrert, kreativ, god til å lytte og arbeider godt åleine? På skulen og Universitetet har eg drege meg gjennom endelause timar med diskusjon og refleksjon i grupper. Det var difor ei lette å oppdage at det er fleire som opplev verda på same måte som meg. Eg har lese fleire gode artiklar, og no nyleg ei fantastisk bok av Susan Cain, om det å vere introvert. Det har lært meg mykje om meg sjølv og om korleis eg reagerer i ulike situasjonar. Det er ei gåve å vere sin eigen beste venn, og å kunne trivst aller best i eigne tankar.

Dei seinare åra har eg verkeleg byrja å setje pris på det faktum at eg er introvert, og eg ventar no berre på at samfunnet skal gjere det same. For vi er ein like viktig ressurs som dei ekstroverte! Arbeidslivet er avhengig av at vi er ulike, og annonsar og arbeidsgjevarar burde snart byrje å vise det. Vi treng folk som ser kvarandre, som er gode til å lytte, som ikkje tek alle diskusjonar, og som helst uttrykker seg skriftleg og nøye planlagt.

Eg jobbar heile tida med å finne og utvide grensene mine, ikkje berre gjere det som er komfortabelt og trygt. Det er nødvendig å anstrengje seg litt, både for å utvikle seg sjølv og for å ha det bra med seg sjølv. Ein forsvinn fort i mengda av folk som vil verte lagt merke til. Så sjølv om det freistar å ta lite plass i rommet prøvar eg så godt eg kan å balansere, sånn at eg har det bra både åleine og saman med andre, og sånn at andre har det bra med meg.

Eg kjem alltid til å vere introvert, og eg treng ein del stille tid for meg sjølv. Eg håpar at samfunnet etter kvart får litt meir forståing for, og set pris på oss som utgjer denne tredjedelen av befolkninga, og håpar at min framtidige arbeidsplass dreg nytte av dei gode eigenskapane eg har nettopp fordi eg er introvert. Alt handlar om balanse. Eg kosar meg på teater-øving, besøk, jobb og på Universitetet, så lenge eg òg får den avgjerande tida for meg sjølv.


Eg er introvert, akkurat passe sosial, og eg er ein ressurs!

Publisert i Valdresmagasinet 24. mars 2018

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Unik ungdomstid

Mobbing krev handling!