Nesten heilt vaksen
Eg
gler meg til å verte vaksen. Eg trur det vert fint. Likevel vert eg
nokre gonger litt fortvila over alt eg ikkje kan og ikkje veit. Sjølv
om eg no så vidt har byrja å klatre i 20-åra, så kjenner eg meg
langt frå vaksen. Ikkje er eg born lenger heller. Eg veit eigentleg
ikkje heilt kvar eg høyrer til, eller kjem til å ende opp. Det
skremmer meg. Eg sit på hybelen min i den store hovudstaden og
tenkjer at det sikkert er berre eg som kjenner meg einsam, stressa og
forvirra. Det er det jo sjølvsagt ikkje. Det er heilt vanleg i
20-åra.
Når
ein akkurat har klart å karre seg gjennom puberteten og berg- og
dalbanen av kjensler, så skal ein plutseleg forme heile vaksenlivet
sitt. Det er mykje som skal på plass. Kvar skal du bu? Kven vil du
dele livet med? Kva vil du jobbe med? Store og avgjerande val kjem i
kø, og alle desse vala skal tas av deg. Kanskje veit du svaret på
eit av dei, eller to. Kanskje ombestemmer du deg på vegen. Mange
kjenner nok òg på forventningar, både frå seg sjølv og andre.
Tusen tankar svirrar rundt i hovudet, og i tillegg til alle desse
vala som skal tas, så skal ein etter kvart òg stå heilt på eigne
bein. Er eg den einaste som lengtar heim til mor og far på tunge og
tråe dagar?
Det
er veldig forskjellig kor langt mine vener i 20-åra har kome både
når det kjem til yrkes- og privatliv. Nokon har teke fagbrev og har
fast jobb, andre har teke seg eit ekstra friår for å reise jorda
rundt. Nokon er midt i utdanninga til drøyme-yrket sitt, medan andre
igjen har snart teke ein bachelor dei ikkje veit kva dei skal bruke
til. På Facebook poppar det opp kunngjeringar om at venene mine no
har vorte sambuarar eller har forlova seg, ja, nokon har til og med
lagt ut brudebilete. Blant dei litt eldre venene mine byrjar det så
vidt å poppe opp bilete av smilande baby-fjes.
Kor langt burde eg ha kome
no? Kjensla av stress, dårleg tid, boblar rett som det er opp. Ein
ser på dei rundt seg, men vert ikkje klokare på kva svaret er av
den grunn. Har eg valt rett? Eg har alltid vore opptatt av å
meistre, av å vere flink. Men dess eldre eg vert dess dårligare går
planen min om å gjere alle til lags. Det er umogeleg! Livet handlar
om meir enn å vere flink. Ein lyt leve litt òg. Ein vert rett og
slett nøydt til å ta dei vala ein kjem overfor, for seg sjølv, og
ikkje for andre, sjølv om det til tider er vanskeleg og vondt.
Kanskje
har eg det litt for travelt med å bane fram vegen til vaksenlivet.
Kvifor stressar eg så fælt? Eg treng ikkje bestemme meg for alt i
dag. Nokon val treng forhåpentlegvis berre litt tid før dei kjem
meir naturleg. Det rutineprega livet med fast jobb og buplass kjem
snart nok, så kanskje det er eit poeng i å nyte vegen dit. Eg får
byrje å lytte meir til alle dei som har sagt at studietida er den
beste tida i livet, og nyte å vere nesten
heilt vaksen.
Publisert i Valdresmagasinet 10. februar 2018.
Kommentarer
Legg inn en kommentar