Eg trur på deg


Det er mykje og mange som har vore med på å gjere meg til den personen eg har vorte; så glad i å lese og skrive, og så glad i kunst og kultur. Alt frå den fantastiske kunstlæraren eg hadde på kulturskulen, - det å få vere med på UKM, - få vere med i musikal-oppsetjingane til Ung i Valdres, - til jobben min på bokhandelen i Fagernes, og i Avisa Valdres. Det at eg har vore så heldig å få skrive for Valdresmagasinet starta med at ein lærar oppfordra meg til å delta i avisa Valdres og Nord-Aurdal Mållag sin kronikkonkurranse. På alle desse stadene i livet har det vore vaksne eller ungdom som har gjeve meg ansvar, har stolt på meg, og trudd på meg. 

Ofte vil vi menneske ha ting på vår eigen måte. Det kan vere vanskeleg å sleppe andre til, eller det kjenst tryggare å gjere det «slik som det har vorte gjort i alle år». Dei som har gjort det før, veit korleis det skal gjerast skikkeleg. Det er ikkje alltid så lett å vere ung, og kome med nye idèar og innspel. For å få erfaring skal du helst allereie ha erfaring. Men alle må starte ein stad. Dei fleste vil jo gjere sitt aller beste. Vaksne er viktige førebilete. Nokon må våge å vere den fyrste som gjev oss ansvar. Går vi på trynet, så er òg det ein måte å lære på.

Det kan vere skummelt å gjere ting for fyrste gong, og frykta for å feile, eller å ikkje gjere det «bra nok», er ofte stor. Vi vegrar oss kanskje for å søke på jobben vi ynskjer oss, melde oss som frivillige eller søke om opptak på studiestaden vi drøymer om. Vi som er unge, eller gjer noko for fyrste gong, må tore å oppsøke desse moglegheitene, og gripe dei. Ved å gjere ting som ligg utanfor komfortsona, og lukkast, får vi den avgjerande kjensla av meistring. Ungdom som i starten kanskje ikkje trudde på seg sjølv, byrjar å sjå at dei likevel kan, og at det dei gjer faktisk er bra. Når ein meistrar får ein eit godt grunnlag å bygge vidare på.

Det kan vere skummelt å tenkje utanfor boksen, og å gje urøynd ungdom ansvar, men det er utruleg viktig. Eg er sikker på at dei fleste vaksne kan hugse korleis det var å jobbe for fyste gong, eller å få ansvaret for noko viktig, som ein verkeleg brydde seg om. Mange, kanskje spesielt ungdom, er ganske strenge med seg sjølv. Difor er det godt å få stadfesting på at noko av det ein gjer er bra. Kanskje er det ekstra godt når det kjem frå nokon ein ser opp til, eller frå nokon ein ikkje venta det frå.

Dette er det siste innlegget eg skriv i Blogg for Blyge, i denne omgang. Eg er så takknemleg for å ha fått moglegheita til å skrive for Valdresmagasinet, for kvar og ein som har teke seg tid til å lese det eg har skrive opp gjennom åra, og ikkje minst for alle dei hyggelege kommentarane og tilbakemeldingane eg har fått! Ha fortsatt tru på kvarandre og på ungdommen! Takk for at de har hatt, og har, tru på meg! 

Takk for denne gong, og god sommar!

Publisert i Valdresmagasinet 22.06.19

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Unik ungdomstid

Mobbing krev handling!