Smil på jobb


Fem dagar i veka, åtte timar om dagen. Kanskje overtid og helgevakter. Tida vi brukar på jobb utgjer mange år i løpet av eit liv. Jobben er ein stor del av liva våre både fordi den tek opp mykje tid, men òg fordi den har verknad på identiteten vår og korleis vi har det ellers i livet. Når vi møter nye menneske er ofte noko av det fyrste dei spør om, kva ein jobbar med. Vi vert fort assosiert med yrket vårt. Yrket er ein del av den vi er, og ofte noko vi er stolte av. 

Vi er alle ulike. Nokon gler seg til å gå på jobb kvar einaste dag, medan andre jobbar mest fordi dei må. Dei fleste, kanskje ein kombinasjon. Sjølv om det inni mellom kan vere tunge dagar, der vi helst skulle hatt nokre timar ekstra under dyna, så er vi, når alt kjem til alt, veldig heldige som kan jobbe. Det er godt å tene eigne pengar, å gjere ein jobb som trengs, og å høyre til på ein arbeidsplass. Det å ha nokon som ser ein, som forventar at du møter opp, og som sett pris på jobben du gjer, trur eg er viktig. Samtidig har vi høyrt om fleire tilfelle der vaksne menneske vert mobba, utestengt og psyka ut av sine eigne kollegaer og leiarar. Då vert jobben ein verkebyll, og noko ein gruar seg til dag etter dag. Vi burde kunne forvente meir av kvarandre! Alle leiarar og kollegaer har eit felles ansvar for, og ei plikt til, å gjere arbeidsplassen sin til ein stad det er hyggelig å vere. Vi brukar tross alt rundt 40 timar i veka på arbeidsplassen, i lag med kollegaene våre. Det er klart at ikkje alle menneske kan gå like godt overeins, men det gjev oss ingen rett til å behandle andre dårleg. Det skadar ikkje å smile og seie god morgon. Når vi er på jobb har vi faktisk stor verknad på kvarandres liv og kvardag, og det bør vi ta på alvor. Jobben skal vere noko positivt. Ingen skal mistrivast på jobb, og vi har eit felles ansvar for å gjere arbeidsmiljøet godt. 

Kollegaer og leiarar skal vere ei støtte for kvarandre. Når andre skryt av jobben vi gjer, kjenner vi på meistring, og det er både viktig og godt. Eit «hei, korleis går det?» gjer at vi kjenner oss sett. Ein jobb skal vere ein stad der du kjenner at du høyrer til og er ønska. Kanskje gjer du dagen til ein kollega litt betre utan at du tenkjer over det, berre ved å stille eit spørsmål, ete lunsj saman, eller spørje om hjelp til å løyse ei oppgåve. 

Val av yrke og arbeidsplass er svært viktig, og graden av fellesskap og inkludering kan vere avgjerande for om folk trivast på jobb. Trivast vi på arbeidsplassen, så har vi det betre på fritida, og vi får ei betre psykisk helse. Sjølv er eg så heldig å få jobbe på bokhandel i Fagernes når eg er heimom i feriar. Der trivst eg utruleg godt, både fordi eg får jobbe med bøker, som eg elskar, og fordi eg får jobbe i lag med dei sprudlande og smilande kollegaene mine! Eg veit at eg har vore veldig heldig med arbeidsplassen min, og eg tenkjer på det kvar gong eg går på jobb. Fleire gonger har eg hatt ein dårleg start på dagen, men gått smilande heim frå jobb.Eg har lært masse sidan eg begynte å arbeide der, som eg kjem til å ta med meg vidare i arbeidslivet. Eg er så takknemleg for at eg får arbeide på ein så fin plass, der eigenskapane mine vert sett pris på og eg vert sett. Slik håpar eg at den framtidige arbeidsplassen min vert òg, den dagen eg skal ta til i læraryrket.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Festivalfolk

Unik ungdomstid

Mobbing krev handling!